Sjølv under det mørke vinterhalvåret går Silje Damstuen Forthun tur her. Ho ikkje er så begeistra for mørket, men det synest ikkje på dette biletet.
Sjølv under det mørke vinterhalvåret går Silje Damstuen Forthun tur her. Ho ikkje er så begeistra for mørket, men det synest ikkje på dette biletet. (Foto: Privat)

VEKAS FOTO

– Eg er litt mørkredd, men her er eg vane med å gå

Vekas foto er av Silje Damstuen Forthun ved dagsturhytta Mjølkeflaten i Lærdal.

Lærdal: – Det er søstera mi som har teke biletet, men det var eg som hadde idèen, seier Silje Damstuen Forthun frå Lærdal.

Tidlegare denne veka publiserte ho dette biletet av seg sjølv ved dagsturhytta i Lærdal på Instagram, med emneknaggen #mittporten.

– Det blei teke på tysdag trur eg. Den dagen det snødde så mykje. Eg tenkte at det kunne være fint å ta bilde der oppe og ut mot Lærdal, seier ho.

Går mykje tur

I bakgrunnen av biletet skimtar ein Lærdal. Foto: Privat

Lærdølen fortel at ho går mykje tur opp til den lokale dagsturhytta. Kanskje ein gong i veka.

– Ja, spesielt i den mørke tida me er i no. Ein får ikkje tid til å gå opp på nokon fjelltopp med så korte dagar. Og så kan ein gå denne turen frå forskjellige stadar, slik at ein får variert litt, fortel Forthun.

Saman med beaglen Tyra går ho der til alle årstider og i all slags vêr.

– Det er for å koma meg ut litt og så har eg ein hund som også treng trim. Denne turen er ganske enkel å gå. Sjølv om er er litt mørkredd, så går det fint å gå her sidan me er så vane med å gå denne vegen, fortel ho.

Til toppen