VEGG: Per Einvald Aspevik var i det umoglege hjørnet i 2. omgang, og hindra Høyang frå å gjera kampen meir spennande enn kva heimelaget hadde behov for. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun
VEGG: Per Einvald Aspevik var i det umoglege hjørnet i 2. omgang, og hindra Høyang frå å gjera kampen meir spennande enn kva heimelaget hadde behov for. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun

– Eg er nøgd med Pirrien, midtforsvaret og tre poeng

ÅFK-trenar Ivan Øy kunne jubla over tredje sigeren på rad, men noko meisterverk av ein kamp serverte ikkje årdølene heimepublikummet mot botnlaget.

Årdal: Årdal FK - Høyang 3-1

– Både på 2-1 og 3-1 er det du som held oss inne i kampen. Og med berre ein kamp i føtene frå før i år er det imponerande, seier Øy til veterankeeperen sin, Per Einvald Aspevik (Pirrien).

For trass i ein på papiret komfertabel 3-1-siger mot botnlaget Høyang i Kretsligaen, plukka ikkje heimelaget dei tre poenga enkelt ned.

For det første tok Høyang leiinga etter knappe 20 minuttar. Det vara rett nok ikkje lenge – Brede Stedje Ylvisåker utlikna på straffe nokre minuttar seinare, og Nicolai Laberg sende heimelaget i leiinga rett før pause.

Artikkelen held fram under biletet

I LEIING: Nicolai Laberg sende Årdal opp i 2-1 rett før pause.
I LEIING: Nicolai Laberg sende Årdal opp i 2-1 rett før pause.

Store sjansar til Høyang

Ti minuttar uti 2. omgang fekk Terje Kvam Øvstetun ballen rett utanfor spissen av femmeteren og plasserte inn 3-1 via stolpen i motsett hjørne.

Men det var på ingen måte over; eit farleg hjørnespark var eigentleg det einaste årdølene hadde av andre skikkelege sjansar i 2. omgang. 

Då var det annleis framfor årdalkeeper Per Einvald Aspevik. Han varta opp med eit tigersprang på eit velplassert frispark frå gjestene midt uti omgangen, Høyang skaut på innsida av stolpen, ballen gjekk i ryggen på Aspevik og ut til sida, årdalsforsvararane redda ballen på strek og fleire andre sterke inngripenar frå Aspevik gjorde at årdølene nærast mirakuløst kom gjennom 2. omgang utan baklengs.

Artikkelen held fram under biletet

3-1: Her legg Terje Kvam Øvstetun på til 3-1.
3-1: Her legg Terje Kvam Øvstetun på til 3-1.

– Me slepp dei altfor lett inn i kampen. Avstandane blir for store og me har for mykje balltap, seier trenar Øy.

– Nei, det kjendest ikkje heilt trygt baki der, seier Aspevik sjølv.

Gode midtstopparar

Han påpeikar likevel at han ikkje var åleine om å halda unna for høyangforsvaret.

– Midtstopparane tek unna mykje og demmer opp så det blir mogleg å gjera ein grei keeperjobb.

Brede Stedje Ylvisåker og Andreas Natvik vart også kåra til dei beste Årdal-spelarane av speaker.

– Eg hadde kåra deg, seier Øy med eit smil mot Aspevik.

– Jau, eg gjorde tre av redningane etter bestemannskåringa. Men dei fortente det, dei to.

 

Til toppen