RETT MANN: Øystein Lindesteg Rindes kontrakt går ut etter denne sesongen, men lærdølen er klar på at han er rett mann til å leie laget også neste sesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
RETT MANN: Øystein Lindesteg Rindes kontrakt går ut etter denne sesongen, men lærdølen er klar på at han er rett mann til å leie laget også neste sesong. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

– Eg er rett mann for Kaupanger

Øystein Lindesteg Rindes kontrakt går ut etter denne sesongen. 

Kaupanger: Men ting tyder på at lærdølen, som dei siste to åra har trent Kaupanger sitt damelag, får halde fram som trenar for det opprykksjagande laget. 

Rinde stadfestar til Porten.no at han ikkje har fått noko tilbod førebels, men er klar på at han ønskjer å halde fram.

– Eg er rett mann for Kaupanger, definitivt. Produktet og kvaliteten på klubben og alt rundt har blitt heva, ikkje berre av meg, men av mange andre. Me er på rett veg og gjort veldig mykje bra, seier han.

I dialog

Det ser det ut til at også klubben er samd i. Leiar i Kaupanger, Trine Lerum Hjellhaug, seier dei har ein god dialog med trenaren. I løpet av kort tid vil dei setja seg ned og vurdere situasjonen.

– Me ønskjer å ha han med vidare. Det har me også gitt signal til han om. 

Kaupanger hadde 1. plassen i lomma før siste runde søndag. Men det som var ein rein seriefinale mot Hinna, vart ein stor nedtur. Dei grøne klarte aldri å reise seg etter to tidlege mål frå Hinna.

– Eg meiner me er heilt nøydd til å klare å få eit lag frå fylke opp i 1. divisjon. Det er ein langsiktig ambisjon. Skuffelsen frå i går må me riste av oss, og så må me halde fram den gode jobben Øystein og gjengen har gjort, seier Hjellhaug.

Unge reiser tidleg

Damelaget vert rekna som flaggskipet i fylket, og det har det vore i over 30 år. Med det har det fulgt ein kultur dei færraste plassar kan vise til. Det store utfordringa er å halde på spelarane lenge nok til å skape ein stamme.

– Unge spelarar forsvinn etter vidaregåande, så laget må byggjast opp att heile tida. No har me fått litt erfaring på dei yngste, og det blir berre betre og betre. Det er ei fantastisk gruppe, og alt ligg til rette for suksess i åra som kjem, seier Rinde.

– Korleis ser du på den utfordringa, Hjellhaug?

– Det er ei utfordring som er eit rammevilkår for Kaupanger. Det er spesielt viktig at spelarane ikkje reiser før vidaregåande, men fordi dei vil spela på eit høgare nivå, hender det at dei reiser før. Eg meiner målet må vere å halde dei her til dei er ferdige med vidaregåande og gjerne lengre, men då må me ha eit lag lengre opp i seriesystemet. 

Til toppen