Ordførar Audun Mo er stolt av dugnadsinnsatsen, stå-på-vilja og samhaldet lærdølane har vist dei siste vekene.
Ordførar Audun Mo er stolt av dugnadsinnsatsen, stå-på-vilja og samhaldet lærdølane har vist dei siste vekene. (Foto: Lærdal Arbeidarparti)

MEININGAR

Eg er stolt over samhaldet som bur i oss lærdøler

– Me må nok bu oss på at koronaen kjem til Sogn og Lærdal også, men me har kjøpt oss tid, rusta oss godt og det er viktig at me held fram med det, skriv ordførar i Lærdal, Audun Mo.

Det er no 14 dagar sidan dei strenge tiltaka vart innført for å redusera spreiinga av koronaviruset. I Lærdal var me tidleg ute med å etablera kriseleiing og ta forholdsreglar, mellom anna stengde me Lærdal bu- og omsorgsheim for besøkjande og gjekk vekk frå felles måltid omgåande.

Så langt har me heller ikkje nokon påvist smitta av korona i verken Lærdal, Årdal eller Aurland. Heller ikkje i Vang eller Slidre-kommunane er det påvist smitte. Samarbeidet med naboane våre har også vore godt, og i desse dagar skal me etablera ein legepoolordning i lag med Årdal og Aurland.

Omplassering av personell i organisasjonen har vore gjort for å avhjelpa der det har trengst, og dei tilsette har vore positive og utvist stor fleksibilitet. Mest krevjande har det vore innanfor pleie og omsorg og helse – først og fremst fordi ein har førebudd eit eventuelt utbrot og ei forverring i situasjonen.

Det lokale næringslivet blir hardt råka

Meldingane frå både politisk og beredskapshald nasjonalt er at det i løpet av dei neste 14 dagane kan bli ei kraftigare auke i tal smitta enn det me har sett til no. Me må nok bu oss på at koronaen kjem til Sogn og Lærdal også, men me har kjøpt oss tid, rusta oss godt og det er viktig at me held fram med det. Eg vil også nemna dei frivillige organisasjonane som har stilt opp og vore til stor hjelp i denne tida – utan dei hadde det ikkje gått.

Mange verksemder i det lokale næringslivet blir hardt råka av krisa og mange er uroa for at livsverka deira går i grus. Arbeidsløysa i Lærdal har stige frå 1,9 prosent til 7,5 prosent på to veker – altså ei firedobling, og då er me likevel den kommunen med nest lågast arbeidsløyse i Sogn (Berre Vik har lågare).

Særskilt reiselivet, som stod midt i sesongførebuingane, har mista det meste av inntektene sine «over natta». Her blir det jobba godt frå Visit Sognefjord si sida inn mot myndigheitene for å få så gode økonomiske ordningar som mogleg retta mot bransjen. Næringsorganisasjonane/-sjefane i sognekommunane jobbar på same vis for at det blir best moglege økonomiske ordningar inn mot næringslivet generelt frå statleg hald. Har verksemder spørsmål, er det berre å ta kontakt.

Ein stolt lærdøl

Eg må seia eg er stolt å vera lærdøl i desse dagar – det er no ein ser  dugnadsinnsatsen, stå-på-vilja og samhaldet som bur i oss lærdøler. Saman skal me klara denne tida, det er viktigare enn nokon gong at me tek vare på kvarandre og er rause i krevjande dagar, veker og månader som kjem.

Eg må få takke kvar og ein av dykk, for den store og gode innsatsen som blir gjort av alle – dei som jobbar innanfor helse, bønder, transportørar og tilsette i matbutikkane som sikrar oss mat kvar dag, lærarar, foreldre og elevar som har fått kvardagane snudd på hovudet, verksemder som gjer det ei kan for å halda hjula i gang, dugnadsinnsatsen til den jamne lærdøl og i organisasjonslivet – for å nemna noko . Så er det svært viktig at alle no følgjer dei råd og retningslinjer som kjem frå helsemyndigheitene for at me skal koma best mogleg ut av dette.

Og hugs at lærdalsnaturen er stor og flott; her er det god plass til alle utan at me treng å klumpa oss i hop. Å få seg frisk luft er ekstra viktig når me sit mykje heime – berre ikkje begi deg ut på dei mest krevjande turane no, ettersom beredskapen vil kunne bli pressa framover.

Me ønskjer alle ei riktig god helg og ei god påske om ei vekes tid!

Til toppen