FYRSTE SNØFALL:  Fotograf Anders Løbø Navarsete greip sjansen og køyrte opp til Sogndalsdalen for å ta dette biletet då fyrste snøfallet traff Sogndal i denne veka.
FYRSTE SNØFALL: Fotograf Anders Løbø Navarsete greip sjansen og køyrte opp til Sogndalsdalen for å ta dette biletet då fyrste snøfallet traff Sogndal i denne veka. (Foto: Anders Løbø Navarsete)

VEKAS FOTO

– Eg fekk julestemning då eg etterbehandla biletet

Vekas foto er teke av Anders Løbø Navarsete.

Sogndal: – Biletet er teke i Sogndalsdalen, frå der dalavatnet startar og nordover mot dalen, fortel fotograf Anders Løbø Navarsete.

Biletet blei teke torsdag formiddag, rett etter vinterens fyrste snøfall.

– Eg hadde sett ut motivet på førehand. Eg tenkte den raude hytta ville sjå fin ut med snøen som fall kvelden før og at det kom til å vera kult lys og at det ikkje kom til å vera is på vatnet, seier Navarsete.

Han er glad i å vera ute i naturen, men denne gongen dreide turen seg kun om eit ærend.

– Av og til tar eg med meg kameraet på tur når eg mistenker at det er kult lys. Det blei ingen lang tur denne dagen. Det var berre å køyre opp den gamle dalavegen og gå i to minutt, seier han.

– Kjem ein seg ut får ein ofte lønn for strevet, men med dette biletet var det ikkje så mykje strev.

Heilårsfotograf

Det er ikkje fyrste gong Navarsete har teke vekas foto. I løpet av det siste året har Porten.no plukka ut fleire av vintermotiva hans som har vore merka med #mittporten på Instagram. Men han tek også bilete om våren, sommaren og hausten.

– Det spelar ikkje nokon rolle når på året eg tek bilete. Eg liker å ta bilete uansett. Ein finn interessante motiv heile året, seier han. 

– Fekk du litt julestemning då du tok dette biletet?

– Ja, det fekk eg faktisk. Det var stemningsfullt, og eg fekk enda meir julestemning då eg sat og etterbehandla biletet.

Navarsete nyttar eit spegllaust systemkamera som han enkelt kallar eit entusiastkamera. 

–  For nokre år sidan kutta eg ut mobilen. Då auka interessen og eg ynskte å ta steget vidare for å få tatt litt bedre bilete, fortel han.

Fleire motiv frå sogndalsfotografen kan du sjå her

Til toppen