SJØHUS: Fotografen fortel at ho ofte tek bilete når ho går på tur.
SJØHUS: Fotografen fortel at ho ofte tek bilete når ho går på tur. (Foto: Bente Teigen)

VEKAS FOTO

– Eg fotograferer heile tida – overalt

Vekas foto av sjøbodene på Amla er teke av Bente Teigen frå Vik.

Kaupanger: – Dette biletet tok eg nede ved sjøhusa ved Amla på Kaupanger. Eg reiser ofte ned der, seier Bente Teigen.

Ho er ein aktiv brukar av det sosiale mediet Instagram, og denne veka blei biletet hennar plukka ut som Vekas foto etter at ho tagga biletet sitt med #mittporten.

– Eg er ein ivrig hobbyfotograf. Eg fotograferer heile tida – overalt. Det blir mest natur og nokre gongar dyr – ikkje så mykje menneske. Det skal ein jo ikkje gjera utan at ein har lov, forklarer Teigen.

Les òg: – Eg fekk julestemning då eg etterbehandla biletet

– Likar meg overalt der eg kan ta bilete

Egentleg bur Teigen i Vik, men ho vekependlar til Kaupanger for å køyra postbil i Sogndal.

– Eg arbeidde i Posten i Vik i 29 år, men det siste året har eg budd på hybel på Kaupanger frå måndag til fredag, fortel ho.

Ho tykte ikkje det var så kjekt å byta arbeidsplass, men fortel at ho stort sett likar seg overalt der ho kan ta bilete og kan komma seg ut på tur.

– Hender det at du stoppar postbilen når du ser eit fint motiv?

– Av og til stoppar eg. Ikkje så mykje inne i sjølve Sogndal, men på Barsnes og Loftesnes er det fint. Det er ein del postbod som tek bilete på jobb, seier ho.

Bileta hennar er plukka ut og publiserte på Posten Norge sin instagramkonto fleire gongar.

– Det er så mangt som dukkar opp. Eg har berre eit mobilkamera, men det er alltid med, seier Bente Teigen.

Til toppen