LÅN: Sogndal-spelar Edin Øy har inngått ein utlånsavtale med 2. divisjonsklubben Førde denne vårsesongen som varar ut juni. Foto: Arkiv. 
LÅN: Sogndal-spelar Edin Øy har inngått ein utlånsavtale med 2. divisjonsklubben Førde denne vårsesongen som varar ut juni. Foto: Arkiv. 

– Eg håpar å få spela kvar helg

Edin Øy ser fram til fyrste avspark for Førde når han denne våren blir lånt ut til 2. divisjonsklubben. 

– Eg trur dette kan gi meg eit løft og vera med på å utvikla meg til ein betre spelar, seier Edin Øy til Porten.no. 

Førde IL annonserte førre veke at Sogndal-spelaren blir lånt ut til klubben på vårsesongen. 

Les også: Øy på lån til Førde

Mål om meir speletid

Førde har lenge vore inne på tanken om ein utlånsavtale med Sogndal Fotball. 

– Eg tok meg ein prat med Eirik Bakke for å høyra om dette kunne vera aktuelt og få dagar seinare reiste eg opp til Førde for å møta leiaren og trenaren til klubben, seier Øy. 

Inntrykket som Øy sat igjen med etter møtet i Førde, hjalp han å ta avgjersla om å spela vårsesongen for 2. divisjonsklubben. 

– Dei gav meg eit godt inntrykk. Poenget med utlånet er at eg skal bli eit betre spelar med meir sjølvtillit. Målet er å komma nærare det å få meir speletid og ein fastare posisjon i Sogndal, seier Øy. 

Kamp om posisjonane 

Øy bur for tida i Sogndal, men går på Årdal Vidaregåande. Han tek alle fag som privatist, men må tilbake til heimkommunen for å ta eksamen på slutten av våren. 

– Det blir ikkje store endringane skulemessig. Eg kjem til å bu litt i Sogndal og halda fram å trena der. Sogndal Fotball legg opp til ein god treningskvardag, så eg er ikkje heilt klar for å gi slepp på det heilt enda. Men å flytta opp til Førde nokre dagar i veka, gjer meg heller ingenting, seier Øy. 

18-åringen ser fram til ein ny kamparena og til å få prøve seg i ein ny divisjon som han ikkje har testa ut før.

– Trenaren til Førde sa at det var feil å lova nokon av spelarane fast speletid, men eg reknar med å få spelt litt sidan dei ville låna meg. Eg håpar sjølvsagt å få spela kvar helg. Det blir nok uansett ein kamp om posisjonane. Førde har mange bra spelarar, seier Øy. 

Treningskamp mot Sogndal 2

Førde spelar med eit 4-3-3-system, noko som passar Øy heilt perfekt. Grunnen til det er at han her kan spele både på midtbana, indreløpar og på kant. 

– Eg trur det blir eit godt halvår. Valet var til sjuande og sist mitt. Eg har ikkje trent med Førde før, så fredag blir fyrste trening saman med laget, seier Øy. 

Øy skal kanskje allereie i elden på laurdag, då Førde skal spela treningskamp mot Sogndal 2. 

– Det er litt spesielt, men no er det no berre ein treningskamp. Det skal bli godt å bli kjent med nye lagkameratar og så håpar eg på å få spelt meg inn i formasjonen deira. Eg gledar meg til å kome i gang, seier han. 

I løpet av fjorårets sesongen fekk Øy fire kampar i 1. divisjon, alle som innbyttar.

– Kva meiner du sjølv er dine beste eigenskapar som fotballspelar?

– Eg har god teknikk og bra driv med ballen. Eg likar å ha ball i bein og gjera kreative ting med ballen, seier Øy.

Førde spelar i 2. divisjon og møter Fana i sesongens første kamp 9. april. 

Til toppen