ATTENDE PÅ HEIMEBANE: Henrik Furebotn reknar seg sjølv som sogndalsupportar. Etter tre og eit halvt år er han endeleg attende.
ATTENDE PÅ HEIMEBANE: Henrik Furebotn reknar seg sjølv som sogndalsupportar. Etter tre og eit halvt år er han endeleg attende.

– Eg håpar å halda meg i Tippeligaen til eg legg opp

Henrik Furebotn (30) flyttar heim att til Sogndal for å vere nærare familien. Men det betyr ikkje at det er slutt på ambisjonane.

Sogndal: – Det er veldig godt å vere tilbake. Etter første treninga kjente eg at dette her var absolutt det rette valet, seier Henrik Furebotn etter ei økt på Fosshaugane med sine nye lagkameratar i Sogndal. 

Og dei er bokstavleg tala nye. Berre fire er attende av dei han spelte med sist han var kledd i svart og kvitt: Hannu Patronen, Taijo Teniste, Ruben Holsæter og Mathias Dyngeland. Resten er skifta ut, eller ute på lån.

Og fornyinga gjeld ikkje berre spelarmaterialet.

– Nesten alt er forandra her på dei tre og eit halvt åra sidan eg var her sist. Alt har vorte så mykje meir proft, seier han og trekkjer fram videoanalysar av treninga som eit døme. 

– Det er ein plan på alt, det er liksom heilproft tvers igjennom.

Les også: Pågåande samtalar om Furebotn-overgang

Må vente på debuten

Det er ikkje lenger sjølvsagt at vi har nokon frå vårt eige fylke i startoppstillinga til Sogndal. Difor er det rimeleg å forvente ei ekstra varm mottaking når Furebotn i morgon blir presentert for heimepublikummet. 

FÅR IKKJE SPELE: Henrik Furebotn vart klar for Sogndal denne veka, og får difor ikkje spele mot gamleklubben Bodø/Glimt i morgon.
FÅR IKKJE SPELE: Henrik Furebotn vart klar for Sogndal denne veka, og får difor ikkje spele mot gamleklubben Bodø/Glimt i morgon.

– No har eg ikkje vore så mykje ute av døra etter at eg kom her, for eg pussar opp ei leiligheit og driv på der heile dagane. Men dei eg møter synst det er flott å ha meg tilbake. Det set eg pris på, seier han.

No blir det ikkje noko debut på direkten. Sogndal og Bodø/Glimt har blitt einige om at Furebotn ikkje skal spele mot klubben han nettopp kom frå.

– Det var litt forbanna det at det vart akkurat Bodø/Glimt i første kampen. Men eg får preppa opp gutane inn mot oppgjeret slik at dei klarer det. Eg trur det skal gå bra.

Glimt vart ein opptur

Årdølen kom til Sogndal i 2006. Det vart fem lange sesongar i førstedivisjon før opprykket endeleg var i boks. Det heldt i to sesongar, så var det ned att. Furebotn bestemte seg for å heller prøve lukka ein annan stad. Nærare bestemt i Sandnes/Ulf, som hadde rykka opp året før.

IKKJE FULLKLAFF: Overgongen til Sandnes/Ulf vart ikkje den oppturen Furebotn hadde håpa på.
IKKJE FULLKLAFF: Overgongen til Sandnes/Ulf vart ikkje den oppturen Furebotn hadde håpa på.

– Perioden i Sandnes var ikkje heilt slik eg hadde håpt og førestilt meg, seier Furebotn om det første klubbskiftet.

– Det var ein klubb som hadde fått suksess litt for fort, trur eg. Det var ikkje heilt kontroll på saker og ting. Ikkje alt var som det skulle vera. Men eg fekk no prøvd det òg.

Les også: Furebotn håpar å bli verande i det gode selskap

Så etter to sesongar i eliten med Sandnes/Ulf vart det nedrykk igjen. Furebotn sette kursen nordover. Den opplevinga har han berre positivt å seie om.

– Bodø/Glimt har vore ein fantastisk kjekk klubb å spela for. Du kan samanlikna dei litt med Sogndal, veldig flott klubb og by. Så der stortrivdest både eg og fruen, seier han.

VARM VELKOMST: I Bodø/Glimt fekk Furebotn spele under ein gamal kjenning, tidlegare sogndalspelar og trenar Jan Halvor Halvorsen.
VARM VELKOMST: I Bodø/Glimt fekk Furebotn spele under ein gamal kjenning, tidlegare sogndalspelar og trenar Jan Halvor Halvorsen.

Ingen planar om å rykke ned

Så når tida no var inne for å vende heim att, så var det meir enn berre det sportslege som vart avgjerande.

– Me får ein liten baby om litt under ein månad. Det å bu langt oppe i nord med familiane våre så langt vekke, det er ikkje optimalt. Det var heilt klart ein av fordelane med at Sogndal ville ha meg tilbake, seier Furebotn.

Som ser for seg at han avsluttar karriera på Fosshaugane.

– No er eg tredve år og har skrive ein treårskontrakt, så då er eg nesten 34 når den er ferdig. Det blir vel min siste klubb. Det er i allefall det som er tanken, seier han. 

SISTE STOPP: Furebotn ser for seg å avslutte karriera på Fosshaugane.
SISTE STOPP: Furebotn ser for seg å avslutte karriera på Fosshaugane.

Det betyr ikkje at det er slutt på ambisjonane. Furebotn føler han har lært mykje dei åra han har vore vekke og gler seg til å ta del i entusiasmen rundt laget. Og han har fått med seg at han ikkje blir åleine om springe til krampa tek han. 

– Det er sånn eg vil det skal vere. Utifrå det eg har sett av sogndalkampar på TV, så må vera eit mareritt å spela mot dei. Du veit at det kjem ein to-tre mann på deg til ei kvar tid. Laget er meget godt trent og det ser du att på kampane òg, seier Furebotn.

Han er optimist på vegner av det Eirik Bakke og teamet hans er i ferd med å skape.

– Eg håpar eg skal halda meg i Tippeligaen til eg legg opp, seier han.

Til toppen