IMPONERT: Martinus og Marcus har aldri spelt på Målrock før, men let seg imponere av naturen inst i Sognefjorden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
IMPONERT: Martinus og Marcus har aldri spelt på Målrock før, men let seg imponere av naturen inst i Sognefjorden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg har aldri sett slik natur før

Dette er første gongen Marcus og Martinus spelar på Målrock, og dei ser ut til å trivast godt i Sogn.

Årdalstangen: Over 3500 menneske er venta å innta Årdalstangen når tenåringsidola entrar scena onsdag ettermiddag. For første gong spelar Marcus og Martinus på Målrock, og det kan verke som dei likar seg inst i Sognefjorden.

– Det er heilt fantastisk her. Naturen er fantastisk, fjella er skikkeleg høge. Heile plassen er fin, seier Martinus til Porten.no.

– Eg synest det er veldig kult her. Vatnet er skikkeleg grønt. Eg har aldri sett så fin natur før, sjølv om det er litt kaldt, legg tvillingbroren Marcus til. 

Går over til engelsk

Det er hysteriske tilstandar i Årdal denne dagen. Enkelte har sete fleire timar i kø for å få best mogleg plassar framføre scena. 

Målrock handlar om dialekt, og sjølv om han er noko utvatna, kan ein høyre at dei to 14-åringane kjem frå Trofors i Nordland. Mange av songane deira er på norsk, men no er det meir og meir engelsk som gjeld.

– Det blir mest engelsk framover no fordi då kan fleire forstå oss, seier Martinus.

– Ja, men det er litt godt òg for det er vanskeleg for produsentane våre å forstå dialekta vår. Me må gå gjennom kvart einaste ord i kvar song fordi me har så spesiell dialekt, legg Marcus til. 

Folk har tatt turen frå heile Noreg for å sjå duoen, og det er ikkje tvil om at det blir elektrisk stemning.

Til toppen