OMFATTANDE ARBEID: Kontrollutvalet, med leiar Arnt Hovland Munthe i spissen, skal no lyse ut granskinga av Sogn barnevern ut på anbod. Målet er å kaste nytt lys over arbeidsmiljøproblema som gjorde at fleire tilsette vart sjuke og måtte slutte.
OMFATTANDE ARBEID: Kontrollutvalet, med leiar Arnt Hovland Munthe i spissen, skal no lyse ut granskinga av Sogn barnevern ut på anbod. Målet er å kaste nytt lys over arbeidsmiljøproblema som gjorde at fleire tilsette vart sjuke og måtte slutte. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

– Eg har aldri vore borti noko liknande

Etter lang fartstid i næringslivet har Arnt Hovland Munthe fleire gonger måtta handtere arbeidskonfliktar, men aldri så omfattande som i Sogn barnevern. No leier han utvalet som skal styre granskinga av eininga.

Sogndal: Kontrollutvalet i Sogndal har fått i oppdrag å hyre inn eit eksternt selskap til å granske Sogn barnevern. I går vart utvalet samde om å vekte kompetanse tyngre enn både pris og tidsbruk når dei no lyser arbeidet ut på anbod.

– Viss me kjem ut av det med ein kostnad på seks-sju hundre tusen, så skal me vera nøgde. Men no er det heldigvis ikkje kronene som er det viktigaste kriteriet, men kvaliteten, seier utvalsleiar Munthe.

Les også: Fylkesmannen: – Avvik i alle fasar av sakshandsaminga
Les også: Her er gjengen som skal gjenreise tilliten til barnevernet

Tidlegare tilsette vil stå fram

Kommunestyret har bedd om svar så raskt som råd. Dei ønskjer ikkje at ein potensielt tyngande prosess skal trekkje ut i tid. Utvalsleiaren trur ikkje granskinga er i mål før tidlegast 1. juni.

– Det er ganske omfattande arbeid, seier Munthe, og viser mellom anna til dei mange og omfattande intervjua som blir ein del av granskinga. I tillegg kjem bunkane med tidlegare rapportar og tilsyn dei eksterne konsulentane må gå gjennom.

Tolv-tretten tidlegare tilsette har sagt seg villige til å bli intervjua om konfliktane dei opplevde på arbeidsplassen før dei slutta.

– For mange av dei vil det nok vera vanskeleg å stå fram offentleg, fordi det er så mange personmotsetningar. Men dette vil vera dekka av teieplikta, så det er ikkje noko risiko for dei å stå fram, seier Munthe.

– Aldri vore borti noko liknande

Etter dei første sonderingane er det klart at tre ulike psykologmiljø skal kjempe om kontrakten, mellom dei Stamina Census og Arbeidsmiljøspesialistene.

Dei får i oppdrag å finne ut kvifor konfliktar fekk prege Sogn barnevern frå starten i 2008 til 2016, då omtrent alle tidlegare leiarar og tilsette var vekke.

Utvalsleiaren tykkjer det er smått utruleg at arbeidsmiljøproblema kunne vare ved over så mange år.

– Det har vore masse forsøk, og ekspertise inne, for å prøva å løyse dette. Så har det kome rapportar om at alt går på skiner, men nokre månader etter så er alt i full loge att. Eg har aldri vore borti noko liknande og eg har trass alt ganske lang fartstid i næringslivet, både i små og store verksemder, seier Munthe.

– Vi får håpe at dei som skal sjå på dette greier å finne kva som er fakta, seier han.

Til toppen