TO KREMMARHUS: Lars Christian Kjemhus fekk fleire grunnar til å jubla i kampen mot Molde. Foto: Halvor Farsund Storvik 
TO KREMMARHUS: Lars Christian Kjemhus fekk fleire grunnar til å jubla i kampen mot Molde. Foto: Halvor Farsund Storvik 

– Eg kjem ikkje akkurat til å stoppa å skyta

Lars Christian Kjemhus blei den største av alle heltane i kampen mot Molde.

– Det var ufatteleg deileg. Hard jobbing over heile linja, Lars Christian Kjemhus.

Det vart ein kamp som hadde alt; sju mål, fleire av dei verkelege kremmarhus og nestenopphenting av Molde til slutt. Men Sogndal vann 4-3; Kjemhus stod for to av måla. 

Etter 24 minuttar dempa Martin Ramsland ballen ned til Kjemhus; han skar innover i bana mot midten av sekstenmeteren og vrei skotet tilbake i venstre kryss.

4-1-målet seks minuttar ut i andre omganeg gjorde han langt på veg sjølv; Ole Amund Sveen plukka opp ballen etter ein hovudduell ute til høgre på Molde sin banehalvdel og slo inn i bana til Kjemhus på løp. Etter ein 20-meters spurt dundra han ballen i mål til venstre for Molde-keeper Andreas Linde frå rett utanfor 16-meteren.

– Går mykje på sjølvtillit

– Eg har hatt ein del skotmoglegheiter, så har det vore litt stolpe-ut- Men når det først kjem, så kjem det gjerne fleire. Det er ein stor dag, seier Kjemhus.

– Kjem det til ha ein utløysande effekt?

– Ja, det er klart; dette går mykje på sjølvtillit. Og når eg får to slike i ein kamp, så kjem eg ikkje akkurat til å stoppa å skyta.

Då såg kampen mot laget som har vunne tre av dei fem siste ligatitlane køyrd ut - og når det framleis stod 4-1 fem minuttar før slutt var spenninga i realiteten over. Trudde ein.

For med to kjappe reduseringar i det 88. og 90.minutt kunne fort Harmeet Singh ha øydelagd festen.

– Eg var ikkje så uroleg

– Eg var litt redd då det vart 4-3 og tenkte at no må me ikkje mista det heilt, seier Kjemhus.

Og det gjorde ikkje sogndølene - Molde fullførde aldri opphentinga, og nye tre poeng var i boks for Eirik Bakke sitt mannskap.

– Om det var 0-0 trur eg me hadde hatt betre kontroll mot slutten. Men når ein leier så mykje slepp ein seg gjerne litt nedpå. Då er det fort at det skjer sånt. Eg var ikkje så uroleg, seier Hannu Patronen.

Artikkelen held fram under biletet

OPNA KONTOEN: Hannu Patronen opna sjumålsfesten alt etter tre minuttar.
OPNA KONTOEN: Hannu Patronen opna sjumålsfesten alt etter tre minuttar.

Den finske midstopparen scorde 1-0 målet alt etter knappe tre minuttar. Tredjemann som fekk nettkjenning hjå Sogndal var Ole Amund Sveen som la på til 3-1 etter at Martin Ramsland slo eit strøkent gjennomspel som Sveen ekspederte mellom beina på Molde-keeper Linde.

– På slutten var me i kjellaren, alle saman. Så det er ein sliten men glad gjeng som sit her no, seier Kjemhus.

Til toppen