NETTROLL: Hilmar Høl (Ap) svarar Liv Signe Navarsete (Sp) og tek eit oppgjer med nettroll som harsjelerer med avgjerda til Miljøpartiet Dei Grøne i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar
NETTROLL: Hilmar Høl (Ap) svarar Liv Signe Navarsete (Sp) og tek eit oppgjer med nettroll som harsjelerer med avgjerda til Miljøpartiet Dei Grøne i Årdal. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
meiningar

– Eg lurer på når Liv Signe slutta å rekne prosent

Det er liv i det politiske Årdal for tiden, men det må no vel ikkje gå på helsa laus, skriv Hilmar Høl (Ap). Les innlegget hans her.

Liv Signe Navarsete seier følgjande i ei kommentarlenke på Porten.no :
"Stor skilnad på argumentasjonen til Roy Stadheim i Vik Ap og Årdal Ap. Roy gir klubba til partiet som hadde størst framgang ved valet, Sp. I Årdal blåheld dei som tapte og held den soleklåre vinnaren, Senterpartiet og Aleksander Øren Heen, utanfor makta. Om dette er måten å samle bygda på gjenstår å sjå."

For det fyrste vil eg framheva Aleksander og Årdal Sp sitt valg som eineståande, og eg har gratulert dei fleire gonger for det, og det vart ein personleg vekkar for meg og andre. Dette var eit fanstastisk resultat i valet......Han blei valsigraren, men han vann ikkje valet !!!

Årdal Ap fekk 44,8 % noko som er framleis eit høgt resultat i landsmålestokk. SP fekk 38,8 %. Det er framleis ein differanse på 6 %. Da vil Liv Signe rett og slett annulera det faktum at Årdal AP fekk meir stemmer enn SP, og gje frå seg moglegheita til å føre eit nytt kommunestyre vidare og inn i ein ny periode. Ho legg seg og ut i ein sfære eg meinar ho burde holde seg for god til, og det er å sei til årdølene om dette er ein god måte å samle bygda på. Det eg lurer på er når Liv Signe slutta å rekne prosent som politikar. 

Ho ga antageleg ikkje noko råd om det til Anders Ryssdal i Gloppen SP den gongen oppslutnaden rundt han blei nærast halvert. Han vart framleis ordførar, og dette hende under hennar partileiing. Ho ga i allefall ikkje råd til Førde SP om å akseptere og støtte den klare vinnaren, Førde Ap, under valet på mandag. Nei, dei snudde ryggen til og støtta Høgre istaden. Ho seier ingenting om kva valg Roy og Vik Ap hadde. Uansett, Liv Signe, burde du halde deg for god til å kommentere slikt. Dette er politikkens vesen og det veit du. Når retorikken din tydlegvis visar ein aggresjon mot forhandlingsresultatet så burde du tenke lenger enn som så. Du er ei av dei fremste stortingspolitikarane fylket har hatt, og du er framleis ein stortingspolitikar. Eg veit at du har teke ei vaktsom hand over Aleksander, og bygger han opp. Han er flink, men samstundes er han framleis ein uslipt diamant. Det er mange andre politikarar, inkudert meg, som har møtt motstand i ung alder. Dette er ikkje eit nederlag for Aleksander. Dette er ein del av lærdomen om det politiske vesen.

Så til dykk andre "fjesboktroll" som opererar i full offentlegheit der ute. Kva er det de driv med ?? Ei stund klaga alle på at det politiske miljø i Årdal var for lite. Denne perioden har det kun vore 4 parti. Det dukka opp to nye bekjentskapar ved årets valg, Venstre og Miljøpartiet de grøne. Fleire parti som kunne gje bredde på stemmene i Årdal. MDG kom på vippen, og i forhandlingar med SP og AP. Dei valgte Ap fordi våre verdiar og måten dei blei møtt visste respekt og at dei blei lytta til. No blir Sandra Opheim og MDG formeleg gjort til latter der ute pga einigheiten med Ap. Kor blei det av hyllesten om nye parti, nye representantar, og jenter og damer som oppsøker politikken for å gje eit bidrag til det politiske mangfoldet. Gå no ikkje laus på dei fordi dei har gjort eit valg. Tenk dykk om. Meg kan de berre ta, eg skal alltids klara meg, men kva med rekruttering til framtidige politiske verv ? Ja, eg skjønnar at folk er og blir frustrerte, men må det gå laus på personar. Det er liv i det politiske Årdal for tiden, men det må no vel ikkje gå på helsa laus.

Til toppen