HEKTISK: Sjølv om skulen snart er slutt blir det ein hektisk sommar for Eirik Kinserdal. 16-åringen har fleire sykkelritt han skal delta på. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HEKTISK: Sjølv om skulen snart er slutt blir det ein hektisk sommar for Eirik Kinserdal. 16-åringen har fleire sykkelritt han skal delta på. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg må bli hakket tøffare

Det seier sykkeltalentet Eirik Kinserdal (16). Til helga skal han delta i NM.

16-åringen frå Årdal fortel at alt går etter planen med sesongen og treninga, men må innrømme at han framleis har litt å gå på i ritta han deltek i.

Resultata er i mellomtida ikkje så hakkande galne. Sidan sist Porten.no snakka med Kinserdal har han vunne Bergsdalen Opp i Dale og kom inn som nummer 38, 20 sekundar bak vinnaren i Norgescupen på Eidsvoll. 

LES OGSÅ: Eirik (16) trenar 15 timar i veka på sykkel

No nærmar det seg skuleslutt for ungguten, og han seier han merkar overskotet godt allereie. Sjølv om skulen er ferdig har han ikkje tenkt til å ta ferie. Til helga skal han delta på NM på Lillehammer.

– NM er ganske stort. Der er det mange bakkar, så det skal passa meg fint. Viss eg klarar å hugsa på dette med plassering, så kan det gå bra. Det blir god trening, seier 16-åringen som er best i oppoverbakkane.

Må ta lærdom

Dette er første året han deltek i blant anna Norgescupen, og som ung syklist er det mykje å læra av desse ritta, til dømes plassering. 

– Ambisjonane er å henga med. Eg må bli tøffare og læra. Formen er bra. Fysisk ligg eg ganske likt med dei andre, men eg må bli tøffare i posisjoneringa. Eg er litt for pysete, og no på søndag kom eg inn med gruppa som var bak vinnaren fordi eg ikkje klarte å posisjonera meg før bakken. Eg trudde eg kunne køyra dei opp i bakken, men det blei for tungt, seier Kinserdal.

Sesongen i år blir like mykje brukt til nettopp læring som det å ta gode plasseringar, og til neste år håpar han at han skal klina endå litt meir til når det verkeleg gjeld.

Hektisk sommar

Ritta i Norgescupen er faktisk så harde at det er mange som ikkje fullfører, fortel Kinserdal. Til no har det vore tre ritt, og i mai måtte 16-åringen bryta. Då var det sterk vind, og dersom ein havnar meir enn fem minutt bak leiaren, blir ein teken ut av løpet.

– Det er seigt. Det er ei heilt forferdeleg kjensle å bryta. Dei som får fullføra får jo også den treninga. Ritt er den beste treninga du kan få, seier han. 

Kinserdal har heller ikkje eit spesielt lag heller. Som han sjølv påpeikar, er sykkel ein lagsport, men i ritta er han stort sett overlaten til seg sjølv, og det merkar han.

– Med eit lag ville hatt folk rundt meg som kan hjelpa. Samstundes er me så unge at me ikkje er så flinke til å samarbeida. Det blir litt som å spela fotball med ein mann eller to mindre på bana, forklarar han.

Når NM er over, ventar eit nytt ritt i Åndalsnes, der han skal sykla Trollstigerittet. Deretter ventar Sognefjellsrittet før det blir etapperitt i Hallingdal 9. til 12. juli. Først når det er over, blir det litt ferie. Det vil seia ein treningsperiode.

Til toppen