MØTE: Aktørane var samla i Førde for å diskutere den nye nærpolitireforma. 
MØTE: Aktørane var samla i Førde for å diskutere den nye nærpolitireforma. 

—Eg oppfatta at innspela som kom var viktige for politimeisteren

Politimeistaren i Vest politidistrikt møtte fylkesordføraren og andre beredskapsaktørar i fylket 3. februar.

Årdal/Lærdal: Onsdag hadde politimeistaren i Vest politidistrikt og fylkesordføraren i Sogn og Fjordane eit møte i samband med nye politireforma. Dette fann stad i Sogn og Fjordane fylkeskommune sine lokale i Førde.

KS, Fylkesberedskapssjef hjå fylkesmannen, Sogn og Fjordane Alarmsentral ved styreleiar og dagleg leiar og politimeister i det tidlegare Sogn og Fjordane politidistrikt deltok også på møtet.

Politimeistar Kaare Songstad innleiia møte med å fortelje om Stortinget sitt vedtak, framdrift i prosessen, oppgåvefordeling og drift knytt til ny organisering.

Innspel

Korleis rigge eit distrikt som gjev innbyggjarane naudsynt tryggleik og beredskap uavhengig av kvar i distriktet ein bur? Dette var møtets agenda.

– Det er bra at politimeisteren i Vest politidistrikt tek seg tid til å møte sentrale beredskapsaktørar i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Beredskap, spesialfunksjonar, virtuell alarmsentral, behov for barnehus og fellesfunksjonar var hovudpunkta ho var innom i sine innspel. Ho legg til at dette er oppgåver og tenester dei kan lokalisere i fylket ved ny organisering. Spesielt viktig er det for dei unge å få barnehus lokalisert i fylket. Dette sparar dei for den belastinga ein lang reisetid fører med seg.

Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand drog fram suksesskriteriane ein har erfart her i fylket gjennom tett samarbeid på tvers av fagfelt.   

Styreleiar for alarmsentralen Øyvind Bang-Olsen orienterte om planane for ein virtuell alarmsentral. Han fortel at det er særs viktig å halde på kompetansen som er bygd opp ved alarmsentralen i Florø.

- Eg oppfatta at innspela som kom var viktige for politimeisteren i den vidare prosessen, avsluttar fylkesordføraren. 

Til toppen