GJEKK VIDARE: Marita Ylvisåker Aaberg (15) frå Årdal gjekk vidare til den sentrale talentsamlinga i Skien. Denne veka henta ho inspirasjon frå ein annan årdøl som har lykkast på handballbana. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
GJEKK VIDARE: Marita Ylvisåker Aaberg (15) frå Årdal gjekk vidare til den sentrale talentsamlinga i Skien. Denne veka henta ho inspirasjon frå ein annan årdøl som har lykkast på handballbana. Foto: Ole Ramshus Sælthun.

– Eg såg kjapt at ho har potensiale

Det seier Hege Bakken Wahlquist om Marita Ylvisåker Aaberg, som er teken ut til den sentrale talentsamlinga i Skien i august.

Årdal: 15-åringen frå Årdal vart i mai teken ut på den regionale samlinga i Bergen. Nyleg fekk ho beskjeden om at ho er ein av åtte jenter som får sjansen til å vise seg fram på den sentrale samlinga i Skien i august.

– Eg hadde eigentleg veldig lite håp om å koma vidare. Då eg såg at eg var ein av dei åtte, vart eg veldig glad. Det betyr veldig masse, og det betyr at nokon har sett at eg kanskje har potensial, seier Aaberg.

Det såg iallfall ei som har lykkast godt med handballen dei siste åra. Hege Bakken Wahlquist, som også kjem frå Årdal, leia unge håpefulle på trening denne veka saman med landslagskeeper og kjæraste Torbjørn Bergerud. 

POTENSIALE: Hege Bakken Wahlquist (t.h.) fortel at ho kjapt såg at Aaberg har potensiale. 
POTENSIALE: Hege Bakken Wahlquist (t.h.) fortel at ho kjapt såg at Aaberg har potensiale. 

Såg potensialet kjapt

Der fekk ho sett Aaberg på kloss hald, og Wahlquist såg kjapt at her var det noko spesielt.

– Det er nesten første gongen eg ser ho spela handball. Eg såg kjapt at ho har potensial til å bli god. Ho har høgden, bra skot og er skeivhendt, noko som er ein stor fordel. Eg trur ho kan bli god. Eg veit at ho er veldig flink å trena også, seier ho.

Inspirerande

Det er sjølvsagt lovord som det unge talentet frå Årdal set pris på. Sjølv tykte ho det var inspirerande å ha to så flinke handballspelarar som trenarar for ein dag.

– Det var veldig å vera med. Det er veldig inspirerande at dei kjem hit, fordi det syner at det går an sjølv om ein kjem frå vesle Årdal, seier 15-åringen, som drøymer om å nå så langt som mogleg.

– No skal eg jobba godt mot samlinga i Skien. Eg er veldig spent på korleis det går.

Til toppen