GJEST I LÆRDAL: Vidar Eltun, ordførar i Vang, hadde tatt turen over fjellet via Kongevegen for å vere med på opninga av Lærdalsmarknaden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
GJEST I LÆRDAL: Vidar Eltun, ordførar i Vang, hadde tatt turen over fjellet via Kongevegen for å vere med på opninga av Lærdalsmarknaden. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg skal ikkje skrive brev til kongen og få dykk straffa

Vidar Eltun fekk vere med og opne Lærdalsmarknaden.

Lærdal: – I 1596 var det faktisk slik at bøndene i Valdres forlangte at Lærdalsmarknaden måtte føregå på ei viss tid slik at det var folk å handle med når dei kom hit. Ein fekk straff dersom ein ikkje møtte valdresingane, fortel Solheim.

Med rekordmange 105 boder spreidd rundt i Gamle Øyri, var det ikkje fare for at det skulle bli mangel på handel.

– Så eg skal ikkje skrive nytt brev til kongen og få dykk straffa, smilar Eltun.

I år er det Kongevegen som er tema for marknaden, og passeleg nok hadde Vang-ordføraren tatt turen over fjellet til Lærdal, der kollega Jan Geir Solheim og innbyggjarane i Lærdal tok imot han.

Artikkelen held fram under biletet.

DÅRLEG TIMING: – No har me ønskt oss regn i månadsvis her i Lærdal, og så kom det når det passa dårlegast, sa Solheim, men folk møtte likevel i Kvammegården.
DÅRLEG TIMING: – No har me ønskt oss regn i månadsvis her i Lærdal, og så kom det når det passa dårlegast, sa Solheim, men folk møtte likevel i Kvammegården.

Etter at Astrid Trulssen hadde takka for all hjelp med å få marknaden i stand, fekk Solheim ordet.

– Dette er ein av dei beste dagane i året. Eg vil samanlikna det med 17. mai i Lærdal. Me er stolte av marknaden og bygda, og ikkje minst av dugnadsinnsatsen. 

Han var glad for at Kongevegen var tema i år. Den historiske ruta har fått seg ein skikkeleg oppsving på mange plan dei siste åra og har potensiale til å bli ein av dei viktigaste attraksjonane i Sogn. Dessutan har den bunde dei to kommunane på kvar si side av fylkesgrensa tettare saman.

– Vegen har lege der sidan 1793 iallfall, og no dukkar den opp att og blir framheva. Det er eit spennande prosjekt og eit samarbeid mellom kommunane som har vore heilt eineståande, fortel Eltun.

Til toppen