Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet, med mykje gråting og elendigheit, seier Thanushan Thaya, Leiar Skeiv Ungdom Sogn & Fjordane.
Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet, med mykje gråting og elendigheit, seier Thanushan Thaya, Leiar Skeiv Ungdom Sogn & Fjordane. (Foto: Privat.)

MEININGAR

– Trudde heterofile forhold var det einaste som eksisterte

Pride skal arrangerast for fyrste gong i Sogn og Fjordane. Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen, skriv Thanushan Thaya og Sandra Edith Tenud i dette innlegget.

Mitt namn er Thanushan Nagendran, og eg er 19 år gammal. Som ung hadde eg kjennskap til ordet «homo» som skjellsord, ettersom det ofte blei brukt blant elevane på barneskulen min. Men eg visste aldri kva det eigentleg betydde.

På barneskulen blei eg ekskludert og sett rart på, fordi eg var overvektig, av en annan etnisk bakgrunn, og fordi eg oppførte meg annleis enn dei andre. Mange gongar høyrte eg på dei streite gutane i klassen min og prøvde å imponere jentene, men enda alltid opp med å bli avvist. Det var like elendig kvar gong, og eg gjorde mykje rart for å få meir merksemd. Eg var desperat for å bli akseptert og sett på som eit menneske slik som dei andre.

Eg tenkte aldri på kjærleiken slik som den eigentleg var, ettersom eg trudde eit heterofilt forhold var det einaste som eksisterte, før verkelegheita kom som eit sjokk på starten av ungdomsskulen.

I denne perioden nekta eg at eg var homofil, og leita desperat etter ei løysing på denne «uvanlege» tilstanden.

Thanushan Thaya

Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet, med mykje gråting og elendigheit. Eg tenkte «Kvifor måtte det vere akkurat meg?». Etter kvart byrja eg å sjå på denne sida av meg som noko eg må leve med resten av livet. Eg aksepterte det meir, og sjølvbiletet mitt blei gradvis betre.

– Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen. Det er på tide at Sogn og Fjordane blir ein del av denne historia, skriv Sandra Edith Tenud, leiar SoFjo Pride. Foto: Privat.

No som eg ser tilbake på den tida, innser eg kor mykje enklare det hadde vore for meg og andre personar som går gjennom det samme, dersom vi hadde hatt nokon å sjå opp til. Nokon som hadde sette fokus på og feira den mangfaldige kjærleiken. Nokon som hadde fortalt at det er fint å vera forskjellig. Nokon som hadde informert oss om at ikkje alt handlar om heterofile forhold. Derfor synast eg at Pride er eit viktig arrangement som fremmar kjærleiken og mangfaldet.

Ein rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne- og familiedirektoratet syner at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsett for hets og trugslar. Dette er dobbelt så mykje som befolkninga elles. Og éin av fire har oppleve hatytringar det siste året. I skulen er «jævla homo» eit av dei mest brukte skjellsorda.

Pride skal arrangerast for fyrste gong i Sogn og Fjordane. Det er 50 år sidan opprøret på Stonewall i New York, og LHBT+-aktivisten Kim Friele blei heidra for arbeidet sitt i Bergen no nyleg. Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen.

Derfor tenkte vi at det var på tide at Sogn og Fjordane blir ein del av denne historia, og visa at våre kommunar er for alle. Vi let oss inspirere av ‘Bygdepride’ i Volda, som var ein stor suksess. Dei og andre har vist at det går å få det til.

Eg legg dagleg merke til at det er minimalt med åpne homofile på min alder på bygda, samanlikna med byen.

Thanushan Thaya

Eg trur at dette kan ha med stigmaet rundt det å vere homofil på bygda. Ettersom rykter har ein tendens til å spreia seg som eld i tørt gras, særleg på bygda, trur eg ungdommane blir skremte av tanken på å komma ut av skapet og vera åpen om den seksuelle legninga si. Eg trur at Pride kan bidra med å auka toleransen, fjerne fordommane, og ikkje minst blir vi som ei stemma for dei usikre, redde ungdommane på bygda som leitar etter meining i livet. 

Hovudarrangementet vert i Førde. For oss har det vore viktig med eit bredt program med rom for alle. Det skal ikkje ha noko å seie kven du er og kva bakgrunn du har, Pride er for alle.

Til toppen