– Eg tente på alle pluggar då eg såg det​

– Eg tente på alle pluggar då eg såg det​

Rigmor Solem i Statens naturoppsyn likte ikkje synet av ungdommar som kasta flasker på elva for nokre år sidan.

Skåri: Det var for nokre år tilbake at Solem kom gåande på Vettisvegen og såg nokre skuleelvar som kasta flasker på elva frå Avdalsbrua.

– Dei stod og såg på korleis flaskene flaut nedover då eg kom gåande. Eg vart fly forbanna og tente på alle pluggar. Då kom alle desse årdalsuttrykka eg har lært opp gjennom åra fram.

Kor lang tid tar det å bryte ned ulike materiale i naturen? Sjekk faktaboksen til høgre eller nedst i artikkelen dersom du sit på mobil.

– Eg vart så sint, men då eg gjekk vidare, tenkte eg at dette var litt voldsomt. Eg kunne gjort det smartare. Eg spurt kor det det blir av flaska og fulgt ho nedover Utla, ut i fjorden og til havs og kor lenge ho ville vere i naturen før ho forsvinn. 

Artikkelen held fram under biletet.

GAV INFORMASJON: Rigmor Solem fortalte skuleelevane i 9. klasse kvifor det er viktig å ta med seg søppelet ein har med seg på tur.
GAV INFORMASJON: Rigmor Solem fortalte skuleelevane i 9. klasse kvifor det er viktig å ta med seg søppelet ein har med seg på tur.

Fokus på forsøpling

Det var nettopp det Solem no gjorde då elevar frå 9. klasse stoppa i Skåri på si ferd opp mot Avdalen i samband med Politikameratane. Med ei plastflaske i handa kunne Solem fortelja ungdommane at ei slik flaske brukar naturen 450 år på å bryte ned.

– Grunnen til at dette er viktig å ta no er fordi me har mykje fokus på søppel i naturen for tida. Det vert produsert ufatteleg mykje plastsøppel, fortel ho.

– Det vert også produsert mikroplast, som er så lite at ein ikkje kan sjå det. Dette skyller me ut vatnet kvar dag gjennom tannpasta og kosmetikk. Fiskeyngel et dette og svelt rett og slett ihjel. 

Artikkelen held fram under biletet.

ILLUSTRASJON: Ved elva hang det plakatar som syner kor lang nedbrytningstid ulike materiale har, samt bilete av dyr som får i seg det menneske kastar i naturen.
ILLUSTRASJON: Ved elva hang det plakatar som syner kor lang nedbrytningstid ulike materiale har, samt bilete av dyr som får i seg det menneske kastar i naturen.

Legg at søppel i naturen

Med eit aukande fokus på helse, er det stadig fleire som kjem seg ut i naturen. Medan andre er flinke til å ta med søppelet sitt, er det mange som let ting liggja att eller prøver å gøyme det bak steinar. Det finst drøssevis med skrekkbilete som syner dyr som får i seg dette søppelet eller heng fast.

– Me finn stadig vekk hermetikkboksar i fjellet bak steinar på gamle bålplassar. Dette var meir vanleg å ha med seg i sekken før. Dette brukar lang tid på å ruste, og dyr og fugl kan stikke snuten eller foten borti og setja seg fast.

Som naturoppsyn i Jotunheimen nasjonalpark ferdast Solem mykje i området. Ho fortel at det største problemet er dei svarte plastikkposane som ein plukkar hundebæsj med. 

– I Årdal har dette vore eit stort problem, men det har kome seg. Det er framleis mange som plukkar opp hundemøkk og legg posen bak ein stein, så skal dei ta det med seg på turen tilbake og gløymer det. Til dømes langs vegen fram til Vetti er det faktisk betre om hundeeigarane let hunden drite på vegskuldra. Det er biologisk materiale. 

Til toppen