– Eg tykte dei var skikkeleg flinke

Hege Bakken Wahlquist var heime i Årdal og heldt handballdag for unge spelarar frå Årdal saman med sambuar og landslagskeeper Torbjørn Bergerud. Sjå fotogalleri!

Årdal: – Dette var veldig moro, tykkjer eg. Det gjekk over all forventing, eigentleg. Eg har trent lag før, men det er litt annleis her heime i heimklubben, så eg var litt nervøs. Men eg tykte dei var skikkeleg flinke begge laga – høyrte på og var heilt stille når me snakka, seier Bakken Wahlquist.

Tysdag arrangerte IL Jotun handballdag for 12-16-åringar med handballyndlingen frå Årdal som spelar på rekruttlandslaget og i den øvste ligaen i Danmark. Sambuar Torbjørn Bergerud, keeperstjerna på det norske landslaget under VM før jul, var også med.

– Det var fint. Eg tykkjer dei har hatt god innsats og god motivasjon, seier Bergerud.

– Kva tenkjer du om nivået?

– Nivået er greitt. Det er ein liten plass; ein får jo ikkje fram tusen stjerner på ei gong, reknar eg med. Men det såg fornuftig ut.

– Merka at dei vart betre etter kvart

I den første delen av handballdagen instruerte dei to dei yngste spelarane først og sette fokus på basisferdigheiter – stuss og kast, mellom anna. 

– Med dei eldste handla det ein del om tempo. Eg tykte begge gruppene var skikkeleg flinke. Og du merka at dei vart betre etter kvart. Dei trong ikkje så mykje rettleiing for å ta det til seg, seier Bakken Wahlquist.

Deltakarane på handballdagen Porten.no snakka med tykte dette var stas, og la særskild vekt på at dei to proffane la opp til øvingar med meir einskildferdigheiter enn kva dei er vande til.

Marita Ylvisåker Aaberg tykte det var ein svært inspirerande dag:

– Med Hege ser ein jo at det kan gå an, sjølv om ein kjem frå ein liten plass som Årdal. Det er ein ganske stor motivasjon i seg sjølv.

– Skulle berre mangla at me gir noko tilbake

For andre handla det mest om ei litt annleis handballtrening.

– Tenkjer du å prøva å bli like stor som Hege?

– Nei, ikkje eg. Det klarar eg ikkje å sjå føre meg. Eg har liksom ikkje planar om å bli så stor, ler Elise Nesse Eriksen.

Så måtte dei to handballproffane sjølvsagt stilla opp på bilete med deltakarane på dagen – og dela ut ein del autografar.

– Eg tykkjer berre det er hyggjeleg at dei har lyst til det. Så tek eg meg tid til alle saman som har lyst på auograf eller bilete. Det skulle berre mangla når dei stiller opp her i dag, at me gir noko tilbake, seier Bergerud.

Til toppen