ENGASJERT: Egil Natvik Vestrheim er oppteken av at bortebuarstipendet til ungdom skal bli så bra som mogleg.
ENGASJERT: Egil Natvik Vestrheim er oppteken av at bortebuarstipendet til ungdom skal bli så bra som mogleg. (Foto: Privat )

Meiningar: Egil brenn for bortebuarstipendet

Det skriv Egil Natvik Vestrheim, leiar i Lærdal og Årdal AUF, og medlem i Fylkesstyret AUF i Sogn og Fjordane, i dette lesarinnlegget.

Meiningar: “Heller nokre timar på bussen” er ein setning eg ikkje har høyrt at ein einaste ungdom i Sogn og Fjordane nokon gong har sagt.

Den 17.-21. oktober skal AUF ha Landsmøte og vi i AUF i Sogn og Fjordane har sendt inn to forslag som handlar om bortebuarstipendet. Dette er ei viktig ordning for mange ungdommar på min alder og i fylket vårt.

I fjor forsøkte Frp og Høgre å auke krava for å få bortebuarstipendet frå 40km reiseveg til 60km. Dette ville ha tvunge fleire hundre bortebuarar i fylket ut på ein fleire timars busstur kvar einaste dag.

Det meiner vi er ein uakseptabel utvikling, og vi seier nei til regjeringa sitt forsøk på å sveltefore distriksungdommar for moglegheiter.

Vestrheim: – Eit paradoks 

Vi i AUF i Sogn og Fjordane meiner at distriktsungdommen skal få bruke kvardagen sin på meir fornuftige ting enn å sitte på bussen. Ein kan vere med vener, gjere skulearbeid eller drive på med fritidsaktivitetar.

Det er eit paradoks at FrP og Høgre i regjering meiner at stortingsrepresentantar med opp under ein million i inntekt skal få dekka eigen leilegheit, dersom dei bur meir enn 40 km vekke frå tinget. Medan distriktsungdom som er i den same situasjonen, minus ein million i lønn sjølvsagt, må pendle.

Vil gjere det enklare for ungdom

Så framfor å gjera det vanskegare å få bortebuarstipend, så ynskjer vi å gjere det enklare. Vi vil oppretthalde dagens 40 km grense samtidig som vi vil senke tidskravet for den totale reisetida frå 3 timar til 2 timar, før ein får stipend.

Dette vil sørgje for at fleire får moglegheita til å ha ein meir innhaldsrik og sosial kvardag, samstundes som at det kan legge til rette for at endå fleire får fullføre vidaregåande.

I eit samfunn der fleire ungdommar enn nokon gong før sliter med mykje press og psykiske plagar, så er fleire timar med buss om dagen den siste tingen ein treng.

Egil Natvik Vestrheim

Vestrheim: – Vi treng skjønn i denne vurderinga 

Ordninga i dag er veldig byråkratisk. Dersom du til dømes bur 39,9 km frå skulen, så vil du ikkje få bortebuarstipend, sjølv om naboen 200 meter lenger vekke vil ha eit krav om det. Vi ynskjer dermed at fylkeskommunen skal sette ned ei eiga nemnd som kan bruke vanleg, openbar skjønn i vurderinga.

Då kan ein ta omsyn til faktorar som kvaliteten på det kollektive busstilbodet og om vegen ein må reise er særleg rasfarleg. Vi må ta eit oppgjer med blindt byråkrati, og heller sjå på den faktiske daglege reisevegen elevar har for å dra til utdanningsstaden deira kollektivt.

Ikkje tilstrekkeleg 

Vidare veit vi at dagens stipend ikkje er tilstrekkeleg for å dekke kostnadane for å bu på hybel. I dag er beløpet på 4.437 kroner i månaden. Dermed er det avgjerdane at du har foreldre som kan stille opp med ekstra midlar. For det seier seg sjølv at beløpet er knapt dersom ein skal ha ein ”ok” hybel, eit sunt og variert kosthald og det å kunne reise heim igjen i helgene.

Ei auke i beløpet som ein mottek til 70% av grunnbeløpet i folketrygda, som tilsvarar 5.600 kroner i månaden, kan gjere til at ein i større grad får den same moglegheita til å gå på vidaregåande, uavhengig foreldra dine sin økonomi.

Dette botnar seg ut i kva for samfunn vi ynskjer å vere. Eit samfunn som gir alle like moglegheiter, uavhengig av om dei bur i Sogndal, Flora eller Førde sentrum. Eller grenda, ute på øya eller innerst i dalen.

Eit samfunn der bustadsadressa di og familien din sin økonomi ikkje skal avgjerde kvardagen din eller moglegheitane dine til å fullføre skulen. Eit samfunn med like moglegheiter for alle!

Til toppen