GÅR AV: Egil Mundal sluttar i jobben som dagleg leiar i Sogndal Fotball.
GÅR AV: Egil Mundal sluttar i jobben som dagleg leiar i Sogndal Fotball.

Egil Mundal sluttar i Sogndal Fotball

Etter sju år i leiarstolen, sluttar Egil Mundal i Sogndal Fotball. Han blir no dagleg leiar i teknologiselskapet Rocketfarm, som òg har tilhald på Fosshaugane.

Sogndal: Det skriv klubben i ei pressemelding.

– Eg har fått gått ein fantastisk leiarskule i Sogndal og det har gitt meg uendeleg mykje som eg vil være evig takksam for. Etter over ti år i klubben har hovudet no behov for nye utfordringar, medan hjarta har behov for å bruke meir helgetid på flokken min heime, seier Mundal i pressemeldinga, og legg til at han håper å kunne bidra til klubben på frivillig basis i åra som kjem.

Yngve Hallèn, som er dagleg leiar i eigedomsselskapet til klubben, Sogndal Fotball AS, tek over som konstituert til ny dagleg leiar er på plass.

– Sogndal Fotball har hatt ei flott utvikling i tida med Egil som leiar. Både sportsleg og administrativt har klubben bygd eit sterkare fundament i norsk toppfotball. Han har jobba målretta mot å vidareutvikla samspelet mellom ulike fagmiljø på Fosshaugane Campus  og han har særleg ivra for å gjere fotballklubben meir teknologi- og kunnskapsbasert, seier styreleiar Tor Arne Ness i Sogndal Fotball i ei pressemelding.

– Me takkar Egil for innsatsen, og ynskjer han lukke til med nye utfordringar, seier han.

Til toppen