SOM NY: Pål Fjøsne polerar, vaskar og lakkar bilar på Luster Bilpleie.
SOM NY: Pål Fjøsne polerar, vaskar og lakkar bilar på Luster Bilpleie. (Foto: Linda Watten)


Ei brennande interesse fekk Pål (21) til å starte opp Luster Bilpleie

Han er ung og han veit kva han likar å halde på med. Når kundane forlét lokalet hans i Gaupne er køyretøyet deira blankt og reint etter grundig bilpleie.

Luster: – Eg opna dørene for to månader sidan og har hatt kundar kvar dag etter det. Det er veldig fint, seier Pål Fjøsne. 

Han er utdanna bilmekanikar men har no leigd eit lokale i Gaupne og opna det som er Luster sitt einaste og fyrste tilbod innan bilpleie.

– Eg treivst ikkje med å skru lenger men har alltid likt bilpleie. Eg tok kontakt med Sogndal Bilpleie og spurte om eg kunne få ei prøvetid hjå dei for å lære meir. Det fekk eg og etter seks månader med gode tilbakemeldingar byrja eg å tenkje. Når eg i tillegg var arbeidslaus tok det ikkje lang tid før eg søkte tilskot hjå kommune og fekk ordna lokale. Etter det har det berre gått i eitt, seier han. 

Har tru på verksemda

Bilpleie er vasking, lakkering og polering både innvendig og utvendig av bil. 

– Eg tilbyr alt dette innanfor bilpleie og så syr eg saman ulike tilbodspakkar som kundane kan få kjøpe. 

Luster kommune meiner det er grunn til å tru at det vil vera etterspurnar etter bilpleie i kommunen og har støtta verksemda til Fjøsne med 30.000 kroner i oppstartingstilskot. 

REIN: Ein nøgd kunde som nettopp har fått vaska motorsykkelen sin hjå Pål. Foto: Linda Watten

– Eg og trur det er marknad for dette i Luster, spesielt no som vaskehallen her i Gaupne ikkje fungerer lenger. Og så trur eg folk tykkjer det er greitt at dei kan koma hit i staden for å køyra til Sogndal, seier Fjøsne. 

Gjer all jobb sjølv med ei stødig hand

Framanfor han står ein nyvaska og skinande bil som han jobbar på i solskinet. 

– Eg tykkjer det er kjekt å sjå glansen som kjem fram, og forandringa frå skiten til rein. 

Kvifor tykkjer du bilpleie er så viktig?

– Eg er oppteken av at lakken skal bli fin og sjå bevart ut. Eg gjer alt for hand for då blir resultatet best. Vaskemaskin er uaktuelt for det gjer meir skade på lakken enn det gjer bilen rein. Det er litt krevjande å få alle små detaljar så perfekt som mogleg for eg er perfeksjonist i stor grad, men det gjev best resultat seier han. 

Vil nå ut til fleire kundar

No siktar han framover med verksemda si. 

– Viss dette går bra vil eg byrja å reise rundt til kundane og tilby dei vask og polering heime hjå dei. Det er fint viss ikkje alle har moglegheit til å koma hit, seier Fjøsne. 

Til toppen