– Ei fin sesongavslutning i Skåri

– Ei fin sesongavslutning i Skåri

Helgas haustmarknad i Skåri i Utladalen markerte slutten på sesongen.

Skåri: Rigmor Solem var godt nøgd med besøkstala og fortel om jamn straum av folk både laurdag og søndag. Kombinert med eit flott haustvêr var dette ein fin måte setja punktum for sesongen, konkluderer ho. 

– Fleire av dei som har vore innom har vore her i fleire timar, og me har sett folk som har kome hit som er utanbygdsfrå frå nabokommunar i aust og vest. Dei som ikkje hadde vore her før vart veldig imponert over kor flott det er, og då blir jo me som styrer på her året rundt svært glade, fortel Solem.

– Det eine er at me ønskjer å skaffa inntekter til å driva skjøtsel, men så er dette ein sosial møteplass også. Når folk trivast, blir me ekstra glade, seier ho. 

SØLV: Inger Norunn Solhaug selde sølv som er handlaga blant anna.
SØLV: Inger Norunn Solhaug selde sølv som er handlaga blant anna.

Med sidan 1998

På haustmarknaden fekk ein kjøpt alt frå måleri, glasenglar og pølser til ost, skinn og sølv. For nokre gjekk salet veldig bra, for andre ikkje like godt, men Solem fortel at alle ser ut til å ha det kjekt likevel. Nokre av utstillarane var med første gong i 1998. 

Ei som var med den gongen var Inger Norunn Solhaug frå Vang i Valdres, som selde sølv, treprodukt og skinn.

– Dette er smykke til kvardag, fest og bunad. Me lagar mykje ulikt. Me driv også med skinn og lagar gyngesauar. Der har me berre att éin no. Og så driv mannen min med trearbeid. 

Triveleg

Som 15-åring byrja ho ei sølvsmie før ho i starten av 20-åra starta for seg sjølv. Vanlegvis reiser ikkje ho på fleire enn ein fem-seks slike marknader i året, men i Skåri har ho alltid vore med.

SELDE OST: Ida Østvold selde stølsost av vestlandsk storfemjølk, som er av same rasen som har gått i Vetti i sommar.
SELDE OST: Ida Østvold selde stølsost av vestlandsk storfemjølk, som er av same rasen som har gått i Vetti i sommar.

– Rigmor (Solem journ. anm.) er ei veninne, og då ho først hadde denne ideen, spurte ho om eg ville vera med. Det er veldig ålreit å komma hit, og når du har vore her nokre gonger, byrjar du å kjenna att folk. Det er triveleg, fortel ho. 

Sel unna

Ei som ikkje har vore i Skåri før er Ida Østvold frå Vang ho også. På marknaden selde ho upasteurisert ost av vestlandsk storfemjølk. Det er med andre ord av same storferasen som gjekk framme i Vetti denne sommaren.

– Det er stølsost, så det blir ekstra gul og fin i fargen. Det er mange som spør om den, seier ho og legg til at ho trivast godt på marknad i Skåri.

– Det er mange som kjøper ost. Eg ser titt og ofte nokon med ein ost i handa, så til å vera ein så liten marknad har dette gått veldig bra, smiler ho.

– FIN AVSLUTNING: Rigmor Solem tykkjer haustmarknaden er ein fin måte å avslutte sesongen på.
– FIN AVSLUTNING: Rigmor Solem tykkjer haustmarknaden er ein fin måte å avslutte sesongen på.

Sesongavslutning

Smiler gjer også Solem som no offisielt kan avslutta sesongen. I morgon reiser dei siste som jobbar der. Haustmarknaden er absolutt verdt bryet, fortel ho.

– Ja, det er det. Me slit oss pladask ut og bur her frå fredag til søndag, men det er verdt bryet. Dette er ei fin sesongavslutning, som me kallar det. Det er jo ingen innfallsportar til Jotunheimen som har lengre sesong enn Utladalen.

Til toppen