VARIERT VEKE: Denne veka var det kulturveke i Farnes kyrkje for 10. året på rad, og i år som åra før var arrangementansvarleg Bert Brons godt nøgd. Foto: Siren B. Svortevik.
VARIERT VEKE: Denne veka var det kulturveke i Farnes kyrkje for 10. året på rad, og i år som åra før var arrangementansvarleg Bert Brons godt nøgd. Foto: Siren B. Svortevik.

Ei flott og variert kulturveke

-  Eg er godt nøgd med kulturveka i Farnes kyrkje. Den har variert i innhald, og økonomisk går me akkurat i balanse, seier arrangementansvarleg Bert Brons. 

Årdal: Denne veka har vore 10 årsjubileumet til Øvre Årdal Sokneråd sitt årlege arrangement dei kallar "Kulturveke i Farnes kyrkje". 

Veka vart avslutta laurdag med fløytist Dora David, pianist Freek Ypma og ballettdansarane til Leyeune Avdal.

Sjå fleire bilete øvst i artikkelen om du går inn på våre galleri øvst oppe på Porten.no under knappen "Teneste" og deretter "Bilete".

FIN VEKE: Bert Brons konkluderer med at "Kulturveke i Farnes kyrkje" har vore svært bra.
FIN VEKE: Bert Brons konkluderer med at "Kulturveke i Farnes kyrkje" har vore svært bra.

Godt nøgd

Bert Brons har vore hovedansvarleg for dette arrangementet alle desse åra.

– Eg er godt nøgd i år. Det har vore sju dagar med flott og variert innhald. Dette likar eg. Det har vore noko for ein kvar smak kvar einaste kveld, smiler han til Porten.no  

Rundt 70 personar møtte fram for å vera med på «Ung messe» forrige søndag.  

– Eg er veldig nøgd med den kvelden. Der møtte mange konfirmantar til dømes, seier han.

Dyktige korps

Måndag var det korpskveld med Sogndal Musikklag, Lærdal Musikklag, Farnes skulemusikk, Øvre Årdal Janitsjar og Blåseelevar frå Årdal kultur- og musikkskule.

– Dette vil eg seie var ein svært vellukka kveld med mykje bra musikk. Ingen sure tonar å høyre, og det var rundt 100 betalande, seier Brons.

Han framhevar dirigent Helge Øren.

– Han gjer ein svært god jobb med å gjera korpsmusikk nytt og morosamt. Det var også stas å sjå Kåre Lerum og Bjarne Øren blant publikum, slikt gir ei god kjensle. 

Kora treng rekruttering

Tysdag var det «Korkveld» med Årdalskoret, VDV-koret og Årdal Gospelkor.

– Det er berre å innrømma at kora i Årdal slit med rekruttering for tida. Det var tynt i rekkene, kora var prega av fråfall. Farnes Mannskor kunne ikkje stilla opp på grunn av sjukdom til dømes, seier Brons. 

Han understrekar at det likevel vart ein triveleg kveld med 70 frammøtte som koste seg med kaffi og kaker etterpå.

Flinke solistar

Brons er særs godt nøgd med onsdag kveld der Kultur- og musikkskulen underheldt i 85 minuttar med konserten «Wish you were here». Her møtte 100 betalande opp.

– Ein utruleg kjekk kveld med svært mange gode solistar. Heilt fantastisk!

Også «Eldretreff» torsdag kveld er Brons nøgd med.

– 50 personar hadde ei triveleg stund med servering, underhaldning og loddsal. 

Færrast frammøtte var då Åshild Mundal trio underheldt fredag. Då var det kun 35 betalande.

– Veldig synd, for dette er utruleg bra og avslappande å høyra på. Men eg kan forstå at oppmøtet ikkje var så bra i og med at så mange var på lang konsert i Kulturhuset kvelden før. Folk var nok metta, enkelt og greit, seier Brons.

Artikkelen held fram under biletet.

KLASSISK AVSLUTNING PÅ VEKA: Dora David og Freek Ypma gjorde at avslutninga på veka vart virtuos.
KLASSISK AVSLUTNING PÅ VEKA: Dora David og Freek Ypma gjorde at avslutninga på veka vart virtuos.

Klassisk avslutning

Laurdag kveld underheldt fløytist Dora David, pianist Freek Ypma og ballettpedagog Leyeune Avdal med elevar frå Årdal og Sogndal. Her var rundt 70 betalande.

– Denne kvelden var virtuos! Ein god kombinasjon av det å vera dyktig, rask og ha eit prikkfritt samarbeid. Og det er lenge sidan eg har sett ballett i kyrkja. Vakkert og klassisk, smiler han.

Til toppen