Ei fornuftig løysing for fotballen
meiningar
meiningar

Ei fornuftig løysing for fotballen

Ein skal ha stor respekt for den avgjerdsla som fotballmiljøet i Årdal har landa på. Løysinga dei har havna på er god.

KOMMENTAR: Ein kan gjerne gjere litt narr av det heile. Til tider tåpelege utsagn, fullstendig mangel på evne til samarbeid og direkte krangling. Det er nesten litt flautt. Det er ikkje vanskeleg å forstå at dei ler litt av oss i nabokommunane.

Samstundes skal ein ha stor respekt for diskusjonen. Uansett korleis ein vrir og vender på det, er fotball faktisk den viktigaste uviktige tingen i verda. Det er kanskje litt råflott å snakka om fotballen som samlande med fair play og handshake for peace, men faktum er at ein kan gjere mykje gjennom fotball. Det er ikkje utan vidare at unge håpefulle har same sveis som idola sine.

Kor mange slåsskampar har det ikkje vore på grunn av fotball? Det finst sikkert like mange døme på situasjonar der fotball har vore grunnlag for brubygging og venskap. 

Onsdag vart det sett opp ei bru i Årdal. Endringane er eigentleg ikkje så store. Årdal FK tar over administreringa av 2. laget, som framleis har det lange namnet, og aldersfastlagd fotball forblir i idrettslaga. Det er nok ei fornuftig løysing dei har havna på.

Faget fotball

Fotball har blitt eit fag, og med eit landslag som sviktar oss når det verkeleg gjeld har fotballinteresserte i Noreg blitt svært opptekne av spelarutvikling. Og her er det mange omsyn å ta. Kort fortalt har ein ytterpunkta spissing og breidde. 

Dette temaet er ein av grunnane til at ein skal ha stor respekt for dei avgjerdslene som blir tatt. Til og med fullstendig uinteresserte foreldre engasjerer seg i dette spørsmålet, og det er ikkje enkelt. Skal ein ha med flest mogleg, lengst mogleg? Kva med dei som verkeleg vil satse og treng ein betre arena? Å løyse dette i Sogn og Fjordane, der det gjerne er langt mellom klubbane og barnekulla er små, er vanskeleg. 

Her må ein finne noko midt mellom, og løysinga dei no har klar, er nok bra. For det første er ikkje Årdal kommune større enn at ein truleg ikkje har råd til berre å satse på dei beste. Mitt kull var ganske stort, men ikkje større enn at me måtte ha med alle for i det heile å stille lag. Du kan vere så god du vil, men utan eit lag å spele på, kjem du ikkje langt.

Den gongen var det, såvidt meg bekjent, lite med hospitering. Etter det eg har høyrt er det fokus på dette no. Dei som tar nivået, skal få prøve seg med dei som er litt eldre. Og med løysinga dei landa på onsdag, kan ein også få prøve seg på senior i 5. divisjon og gjerne høgare viss ein verkeleg har talentet som Årdal FK ser etter. 

Det er sjølvsagt delte meiningar om kva som er den beste arenaen for utvikling, men det finst nok like mange døme på dei som har lykkast på eit «dårleg» lag som dei som har lykkast på eit «godt» lag. Og så må ein stille seg sjølv spørsmålet: Kven er det me utviklar spelarar til? Til førstelaget i 3. divisjon eller for å få opp Tippeligaspelarar? 

Viss ein berre skal legge til rette for dei beste, er det mange som fell av. Viss ein berre skal legge til rette for dei dårlegaste, altså få med alle, stagnerer truleg utviklinga. Med fokus på å utdanne gode trenarar, som sørger for at dei fleste behov, ikkje alle, til kvar enkelt blir dekt, kan ein løyse dette. 

Eit godt råd er å spørre utøvarane om kva dei faktisk ønskjer.

Det er ikkje enkelt å bestemme seg for ei slik retning og finne den gode vegen å gå. Løysinga dei havna på onsdag verkar fornuftig og som eit steg i rett retning, der ein ivaretek dei fleste behov til alle utøvarar.

Meir enn fotball

Det var nok også viktig for idrettslaga å få behalde aldersfastlagd fotball i idrettslaga fram til spelarane er ferdig på gutenivå. Då kan spelarane fritt hospitere opp og ned i årsklassane, og har ein dette eine talentet som kanskje er moden for senior i ung alder, så kan dei spele for 5. divisjonslaget sidan det inneheld alle lagnamna. Det er nemleg reglar på slikt, og det må ein ha med seg i diskusjonen.

Sjølvsagt er det beste, viss ein berre isolert ser på fotballen, at alt er samla under éi fane. Då slepp ein alt det praktiske med bytte av klubb og så vidare. Men det er nok betre at spelarar byttar klubb i ungdomsalder. Då skal andre val takast i til dømes skulesamanheng, og ofte heng dette saman med kor mykje ein satsar på idretten sin.

Men dette handlar ikkje berre om fotball. Kva hadde skjedd dersom ein flytta all fotball ut av idrettslaga? Hundrevis av spelarar som betalar medlemskontigent. Fotball er den største idretten, noko som betyr at idrettslaga mistar mykje av inntektene sine og ikkje minst dugnadstimar. Kva konsekvensar og ringverknader får dette for dei andre idrettane som laga tilbyr?

Og tenk på den eine utøvaren som gjerne driv med handball om vinteren, fotball om sommaren, litt turn, og kanskje til og med ski. Om alt dette var særidrettslag, må den familien potensielt betale for fleire medlemskap fordi utøvaren må inn i fleire lag og klubbar for å vere aktiv. Ikkje så fornuftig.

Eg veit ikkje kor mykje dette aspektet er diskutert blant fotballeiinga i bygda, men i diskusjonar på gata og i sosiale medium er det sjeldan dette perspektivet blir fremja. 

Dessutan skal ein ikkje kimse av å ha eit nærtilbod. Det er ikkje lange vegen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen. Denne strekninga reiser dei ivrigaste uansett, slik me har sett lærdøler og aurlendingar gjere for å spele fotball i Årdal. Men dei som er berre litt ivrige, med for det sosiale for ikkje å bli utstøytt av gjengen, kan den distansen bli så lang at dei vel å slutte. Og ikkje gløym folkehelseperspektivet. Det er sunt å vere aktiv. 

I eit folkehelseperspektiv blir det også spennande å sjå kva som skjer på senior. Førstelaget er bankers, men kva med 2. laget? Då Jotun starta seniorlag i 2012, var det fordi dei meinte det var mange seniorspelarar som ikkje hadde tilbod etter aldersfastlagd. Det var tre seniorlag i bygda. At det er nok folk til det, er det ikkje tvil om, men den frustrerande historia fortel at dette kjem mykje an på spelarane. I starten av sesongen er det gjerne 30 mann på trening, alstå meir enn nok til to lag. I august kjem utfordringane med å stille lag plutseleg. Difor kan ein forstå at klubbane er frustrerte og nølande med å melde på for mange lag.

Tilbake til start

Eigentleg er ikkje denne løysinga noko ny. Du skal ikkje meir enn fem-seks år tilbake før det var slik. Mykje støy og nokre år seinare er ein tilbake hit. Så får ein håpe at det er kome for å bli.

Lat oss vere positive. Det er betre at dei som bryr seg om fotballen no stiller seg bak dette og ikkje seier seg halvnøgde eller skeptiske. No har fotballfolket sagt at det skal bli slik. Dersom resten følgjer etter, kan det vere at dette tre timar lange møtet onsdag fører fotballen, og bygda, tettare saman.

Då må først og fremst fotballen levere på det dei har avtalt. Og så er resten opp til deg og meg. 

Til toppen