Årdal: Ungguten frå Årdal satsar veldig på sykkelkarriera og reiser land og strand for å delta på ulike ritt.
Denne helga deltok Kinserdal i Tyrifjorden Rundt, eit 145 kilometer langt turritt som går rundt Tyrifjorden.
– Eg følte meg bra og taua veldig mykje heile turen. Det er eit turritt, så køyringa er annleis enn i aktive rankingsritt som til dømes Norgescupen, seier han.
Kinserdal kom til slutt på ein 7. plass i si pulje og på ein 2. plass som junior med tida 3:37:2.
– Det var ei god økt som gir mykje utbytte.
Komande helg går den tredje runden av Norgescupen av stabelen i Sandnes, men her skal Kinserdal ikkje delta. Han reiser i staden til Geiranger for å køyre Nibberittet, eit klatreritt der 1500 høgdemeter skal forserast.