Årdal: Kinserdal, som er frå Årdal, satsar hardt innan sykkelsporten og har hatt ei bra opning på årets sesong.
Laurdag sykla han Seksvassrunden på Voss, der dette først og fremst var ei treningsøkt etter ein langtur dagen før.
– Det vart ei god treningsøkt med tanke på framtidige ritt, og eg vart for øvrig nummer fem av om lag 40 som stilte til start.
Neste helg skal ungguten sykle Ilsetra Opp.
– Eg tar dette også som trening før viktige løp i juni.