KLAR TALE: Torgeir Skjerdal ønskjer ikkje ei gondolbane i Aurland velkomen.
KLAR TALE: Torgeir Skjerdal ønskjer ikkje ei gondolbane i Aurland velkomen. (Foto: Liv Einemo Tønjum)

MEININGAR

«Ei gondolbane vert eit stort og synleg inngrep i naturen»

I dette meiningsinnlegget argumenterer Torgeir Skjerdal for kvifor han meiner at Aurland ikkje treng ein ny masseturisme-attraksjon.

Meiningar: Som ein person som er over gjennomsnittet interessert i reiseliv, spesielt i Aurland kommune, vert det nærast forventa at eg skal hylla ein ny stor attraksjon på destinasjonen, som gondolbane.

Men nei, det stemmer ikkje, og eg er langt frå einig i at dette er vegen me skal gå.

STORE PLANAR: Ei prosjektgruppe i Flåm AS skal greia ut om det let seg gjera å byggja ei gondolbane i Aurland. Foto: Flåm AS

Eg er utdanna innan reiseliv og har tatt fatt på ei karriere innan faget eg brenn for. Næringa er i vekst, den er framtidsretta og her har eg tenkt å vera i mange år. Eg kan difor ikkje sitja stille og vera taus i diskusjonen om gondolbane, fordi det er framtida til reiselivet i Aurland me diskuterer, og nettopp det tykkjer eg at eg, og alle andre unge reiselivskollegaer, skal ta stor del i! Det er trass alt me som skal driva reiselivet i framtida, og diverre me som óg må ta konsekvensane av dårleg satsing og dårlege strategiar om nokre år.

Ikkje berre er det framtida til reiselivet me diskuterer, men viktigst av alt, framtida til heimstaden min. Framtida til det eg påstår er den beste og vakraste bygda i verda. Kan me handtera ein slik attraksjon? Og viktigare, vil me ha ein ny svær turistattraksjon?

Eit spørsmål om berekraft

Kommunen som destinasjon har mykje å by på.

Me har fjordar på verdsarvlista, den flottaste togreisa i verda, den lengste lengste ziplina i Norden, det beste mikrobryggeriet i Norge, revolusjonerande elektriske ferjer, vikinglandsby, Undredal kyrkje, Rallarvegen, Stegastein og meir, ikkje minst flotte gåturar ved fjorden og i fjellet som Prest, Aurlandsdalen, Rimstigen og så vidare.

Det meste av reiselivet vårt handlar om naturen, og urørt natur er vårt største trekkplaster, salspunkt og stoltheit. Me skal leggja til rette for at turistar skal få oppleva naturen, sjølvsagt på ein miljømessig,- sosialt- og økonomisk berekraftig måte.

Etter mi meining oppfyller ei gondolbane kun eitt av berekraft-prinsippa, nemleg økonomi. Me kjenner vel alle til uttrykket «mykje vil ha meir»?

POPULÆRT TURMÅL: Det populære turmålet Prest er føreslått som mogleg endestasjon for gondolbana. Foto: Anja Damstuen Forthun

Kvalitet foran kvantitet

Ja, gondolbana vert grøn i form av elektrisitet frå vasskraft, men her stoppar også begeistringa. Eg er ikkje ekspert på området, men nokre utfordringar kan eg sjå føre meg.

Ei gondolbane vert eit stort og synleg inngrep i naturen. Den urørte naturen me må ta vare på, for miljøet, for lokalbefolkninga og for reiselivet. Ei gondolbane treng infrastruktur, ikkje berre ved startpunktet, men óg på toppen, for å handtera massane av folk.

Kor mykje av fjellområdet vil gå med til det, og kva konsekvensar får det for dyrelivet? Ei gondolbane treng tusenvis av reisande, og vil soleis føya seg inn i rekka med masseturisme-attraksjonar i området. Personleg arbeidar eg for eit reiseliv med kvalitet foran kvantitet, og meiner at me ikkje treng ein ny masseturisme-attraksjon.

Motargument

MASSETURISME: Flåmsbana lokkar kvart år rundt ein million reisande til Aurland. Bilde:  Aurland Photography

Eg har høyrt fleire argument som eg meiner ikkje held mål. «Ei gondolbane skal gjera fjellet tilgjengeleg for rørslehemma eller eldre», seier dei. Eg meiner Aurlandsfjellet allereie er eitt av dei mest tilrettelagde områda for dei som vil til fjells, men som ikkje kan ta beina fatt.

«Men ei gondolbane vil i alle fall spreia trafikken og ta presset frå bilvegen til Stegastein», seier dei. Vil den verkeleg det? Eg trur nemleg at Stegastein vil halda fram som attraksjon på turistar si «bucket list», på grunn av utsikta og arkitekturen, og ikkje minst at Aurlandsfjellet held fram å vera reiseruta til mange av vegturistane om sommaren.

Gondolbana vil tvert i mot verta ein ny «hub» som kanskje vil skapa meir fortviling enn glede, spesielt for dei lokale.

Treng ikkje hiva oss på gondol-trenden

Gondolbana på Voss har reiselivet i Flåm allereie tatt nært til hjarta sitt, med sal av pakkar mot individuelle, grupper og cruiseturistar. Flott! Loen Skylift var eit godt initiativ på ein destinasjon som trengte ein attraksjon, og mange reisande som kjem til Flåm reiser óg til Loen. Er det verkeleg nødvendig for oss å hiva oss på denne trenden?

Me har masseturisme om sumaren, og me vert betre og betre på å handtera det. Me arbeider målretta for berekraftig heilårsturisme, noko me ser resultata av, og me treng soleis ikkje ein ny masseturisme-attraksjon.

Min visjon og mitt håp for reiselivet i Aurland kommune er å fremja attraksjonar og aktivitetar på tvers av kommunen heile året, med fokus på kvalitet før kvantitet. Med betre infrastruktur i heile kommunen vil det verta ei naturleg spreiing av masseturismen i Flåm.

Ei oppmoding til ungdomen

Me har allereie attraksjonene heile året. Lat oss forvalta dei på best mogleg måte, med berekraftige produkt, opplevingar og aktivitetar som komplimenterer kvarandre.

Naturen er vår største ressurs, la oss ta vare på den. Lokalbefolkninga må vere i tankane våre til ei kvar tid, for no skal me leva med reiselivet heile året, ikkje berre nokre månadar om sommaren.

Er eg åleine om desse tankane? La oss ikkje vera tause. Det er NO me unge må ta tak, det er no me må mobilisera, elles er det for seint. Me er trass alt framtida!

Til toppen