MOTOR: Ap-politikar Olav Grøttebø meiner biblioteket høyrer heime i kulturhuset, og har fleire tankar om korleis byggjet kan fyllast med liv og innhald.
MOTOR: Ap-politikar Olav Grøttebø meiner biblioteket høyrer heime i kulturhuset, og har fleire tankar om korleis byggjet kan fyllast med liv og innhald. (Foto: Arkiv/montasje)

MEININGAR

«Ei lita, men viktig brikke for å få pulsen tilbake i kulturhuset»

– Når bibliotek skal flytte er kulturhuset eit opplagd val, skriv Olav Grøttebø (Ap) i dette meiningsinnlegget.

Lærdal: Tillet meg å dele nokre tankar her om framtida til kulturhuset og lokalisering av bibliotek.

Det skal ikkje så mykje til for å løfte Lærdal kulturhus slik at felleskapet kan hauste av investeringane som er gjort. Det hadde vore moro å få til dette som mange har snakka om. Den heilt store kommersielle drifta må ein vel innsjå at det ikkje vert? Dei fleste kulturhus og opplevingssenter i Norge treng støtte.

– Lov å vere skeptisk

Villakssenteret har vyer om ny satsing, men dette krev mange millionar i investering. Flåm AS vert med om produktet vert godt nok, seier dei. Naudsynte investeringar skal gjerast gjennom eit spleiselag av offentlege og private instansar. Då skal dei sende busslaster frå cruisebåtane i Flåm.

Eg har ofte lurt på kvifor dei ikkje kunne ha gjort det tidlegare? Skal me tru på dei nye vyene om 70.000 besøkjande? Sjølvsagt flott om det går slik, men det må vere lov å vere skeptisk.

Den optimale løysinga for oss som bur i Lærdal er å finne den rette kombinasjonen mellom kommersiell og offentleg drift. Dette har ikkje vore enkelt så langt. Det må vere ein sommarmodus og ein vintermodus.

Ein treng god rådgjeving for å gjere kafe/kro litt meir intim, ikkje minst erstatte rulleporten og avgrense kafe på betre måte. Inngangsparti må løftast litt, ikkje så vanskeleg å få meir beplanting og trivelegare uteplass.

Vintermodusen må fyllast med mellom anna bibliotekdrift, ein stad der både gamal og ung kan møtast kvar dag, lese dagens aviser, få tilgang på wifi, tv, osv. Det trengst møteplassar for dei eldre som er friske, men kanskje einsame, og for andre. Kafeen må ha ein vintermodus knytt til bibliotekfunksjonen.

Gode kandidatar til innflytting

Gamle Laksen var i fleire år ein god sosial møte og feststad. Siste ombygging «øydelagde» diverre denne. Som nemnd kan nokre mindre grep gjere staden attraktiv igjen. Eg trur kommunen skal eige anlegget, men at drifta vert søkt lyst ut på nytt med mål om ein viss aktivitet vinterstid. Så må det vere vilkår som ikkje øydelegg for dei som driv godt i same bransje. Men ein kan sjå for seg at det vert oftare kulturarrangement kombinert med moglegheit for mat og drikke. 

Kulturskulen kan og vurdere å flytte aktivitet til Lærdal kulturhus. Eit anna alternativ er å legge kulturskule til fritidsklubben. Den gamle banken kan for min del selgast til høgstbydande og vonleg få sitt fortjente vedlikehald.

Ungdomen fortjener gode lokale og eg innbiller med at mykje av Kosens funksjon i dag er å vere ein møteplass, ein stad å sitte saman. Eit levande Lærdal kulturhus vil kunne fylle litt av dette behovet. Så må ein finne ut av kva andre behov/funksjonar ein fritidsklubb skal innehalde og lokalisering.

Vil halda på kunsten

Å flytte bibliotek og løfte det eit nivå, har ein god «biverknad». Arealet på skulen vert då frigjort og kan nyttast til etterlengta betre arbeidsplassar for dei tilsette på skulen. Eg meiner det må kunne bli ei effektiv og god løysing framfor eit siste byggjetrinn som har lege i korta.

Sjølve kunstmuseet var ei omdiskutert investering, men når det fyrst er bygd må ein ikkje øydeleggja denne funksjonen. Om ein no får utnytta dei tomme areala til bibliotek og kanskje kulturskule, så er ein eit skritt på veg. Bibiliotek og kunst kan kanskje og kombinerast på eit vis.

Det er gjort positivt vedtak i formannskap om flytting til kulturhuset. Det er godt, arealet i rådhuset må brukast til kontor- eller serviceformål. Saka skal vidare handsamast i kommunestyret. Det vert gjort eit stort poeng av at arealkostnad vert svært høg i kulturhuset. Dette kjem av at huset vart gjort om til eit aksjeselskap 100 prosent eigd av Lærdal kommune og ein skal freiste ei meir foretningsmessig drift med full inndekning av kostnadar. I realiteten er verken areal i rådhus eller kulturhus i bruk i dag og begge er kommunalt eigde.

– Kulturhuset eit opplagd val

Det er mange eksempel rundt om i landet på at bibliotek er plasserte i kulturhus og når bibliotek skal flytte er kulturhuset eit opplagd val.

Lærdal har uendeleg mykje kultur utover laksefisket. Eg ser for meg at huset på sikt kan fyllast og med anna kultur. Nemner landbruket, jakta, vegane, bygningane... Dette vil verkeleg gjere bygget verdifullt og enno meir interessant.

Faglege råd tilseier at bibliotek skal vere i sentrum. Det skal vere ein møteplass med ulike tilbod og funksjonar. Eg meiner kulturhuset må vere «nok i sentrum» og at ein ikkje skal nytte areal i rådhuset til dette.

Flytting av bibliotek til kulturhuset kan vere ei lita, men viktig brikke for å få «pulsen» tilbake i kulturhuset! Eg ynskjer og at Villaksenteret skal vere der framleis – ei viss oppgradering er realistisk med eller utan cruisebåtar og Flåm AS.

Til toppen