GLEDAR SEG: Arrangøren ser fram til det heile brakar laus i Aurland. Foto: Arkiv
GLEDAR SEG: Arrangøren ser fram til det heile brakar laus i Aurland. Foto: Arkiv (Foto: Arkiv)

Ei ny og stor oppleving for publikum

21. Oktober går Nynorske litteraturdagar av stabelen, og arrangøren har eit breitt program å by på.

Litteraturfestivalen Nynorske Litteraturdagar har mykje å by på, for eksempel musikk, litteratur, språk, kunst og humor. 21. oktober kjem både kjende og ukjende aktørar til Aurland.

Arrangøren fortel at årets tema er overskriding:

– Temaet gjer oss i stand til å kunna inkludera musikarar, kunstnarar og forfattarar som sprenger grenser på ein eller annan måte. Nokre av dei arbeider på tvers av ulike sjangrar, nokre kombinerer ulike kunstuttrykk til nye uttrykk, nokre sprenger skalaen for tid og tek oss både bakover og framover, nokre arbeider med ulike språk og andre går inn i samarbeid som gjer dei nyskapande og grensesprengande. 

Folka bak Nynorske Litteraturdagar valgte dette temaet fordi det er inkluderande, dei kan ta med for eksempel musikarar, prosjekt og forfattarar som har ei raus haldning til språk. 

– Dette trur kan inspirera publikumet, fortel arrangøren.

Musikk på fjorden

MAGISK: Karl Seglem skal skape magisk stemning saman med Jorunn Barane.
MAGISK: Karl Seglem skal skape magisk stemning saman med Jorunn Barane.

Festivalen har i år eit samarbeid med den nye hybridbåten Vision of the Fjords,

der dei tek festivaldeltakarane med ut på fjorden. På båten skal også musikaren Karl Seglem framføre "Tidlaust landskap" saman med forteljar Jorunn Barane. Dette har arrangøren har stor tru på kan bli magisk.

– Me trur dette vil gi publikum ei ny og stor oppleving ute i Nærøyfjorden. Festivalen støttar òg den nye satsinga på slik teknologi, fortel prosjektleiaren Torunn Todal Laberg.

Les også: Vision of the Fjords revolusjonerar turistverksemda

Festivalen har også fleire konsertar og andre aktivitetar på programmet. Det fullstendige programmet finn du her.

 

 

 

 

 

 

Til toppen