LYSE UTSIKTER FOR OPPGRADERING AV STRAUMNETT: Direktøren i Statnett, Tor Inge Akselsen, har trua på at det til våren vert endeleg vedteke å oppgradera straumlina mellom Aurland og Sogndal. llustrasjonsfoto
LYSE UTSIKTER FOR OPPGRADERING AV STRAUMNETT: Direktøren i Statnett, Tor Inge Akselsen, har trua på at det til våren vert endeleg vedteke å oppgradera straumlina mellom Aurland og Sogndal. llustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

Direktøren i Statnett: – Mykje tyder på at den nye straumkabelen mellom Sogndal og Aurland vil verta bygd

Statnett seier ei oppgradering av straumkabelen mellom Sogndal og Aurland vil vera lønsam. 

Indre Sogn: – Samla sett er vår førebelse vurdering at ei oppgradering av Sogndal-Aurland truleg er lønsam, også uten North Connect, skriv Statnett i ei pressemelding. 

Porten.no har snakka med direktøren i Statnett, Tor Inge Akselsen. 

– Det har vorte bygd ut ein del småkraftverk dei siste åra, og fleire kjem til. Med meir kraft vil det verta eit større behov for overføringskapasitet. Me vil trenga ein større kapasitet i nettet til få ut kraften til forbrukarane, seier han.  

Ei utbetring tryggjar energitilførslene til ein heil landsdel

Porten.no har tidlegare omtala at fleire i Indre Sogn håpar på at prosjektet vert gjennomført, og då især naboar av dei noverande stormastene. Ei opprustning av kabelen vil nemleg innebere at han får ein ny trasé nokre stader. 

Men om ein ser bort frå dette med traséen, so vil ikkje ei oppgradering av kabelen få meir å bety for sogndølene og aurlendingane enn for mange andre. 

– Det er ikkje først og fremst for Aurland og Sogndal at opprustinga vil få betydning, men for eit større område. Utbetringa vil føra til auka kapasitet på sentralnettet, seier Statnett-direktøren. 

Han forklarar at ei oppgradering av Sogndal - Aurland vil vera med på å tryggja straumforsyningane i heile regionen og i omkringliggjande regionar. 

Planane om å oppgradera vart aktualiserte av North Connnect

– Behovet for å auka kapasiteten på kraftleidningen mellom Sogndal og Aurland har me sett på og vurdert i om lag fem år, utan å endeleg konkludera, seier direktør Akselsen.

Prosjektet har i det siste vorte ekstra aktualisert av at norske og skotske kraftprodusentar har gått i gang med å planleggja ein kraftkabel frå Eidfjord i Hardanger til Skottland (North Connect).

Styresmaktene har bede Statnett sjå på kva dette kan få å seia for straumnettet. Mellom anna er det viktig at kabelen ikkje fører til flaskehalsar i nettet som kan gje problem for den innanlandske forsyninga.  

Straumleidningen mellom Sogndal og Aurland er soleis ein av dei «flaskehalsane» som Statnett har sett på. Men Statnett har førebels kome til at det vil vera lønsamt å rusta opp kabelen mellom Sogndal og Aurland sjølv dersom ein ikkje tek med North Connect-prosjektet i reknestykket.

Statnett-direktøren trur oppgraderinga vert vedteken til våren

– Ettersom det truleg er lønsamt å oppgradera Aurland-Sogndal uavhengig av North Connect, har me ikkje sett behov for å gå meir i detalj på korleis det eventuelt vert å drifta systemet med North Connect utan denne forsterkninga, skriv Statnett i ei pressemelding.

Ei mogleg tolking av dette, er at Statnett meiner at ein trygt kan leggja til grunn at lina mellom Sogndal og Aurland vil verta oppgradert. 

– I utgangspunktet kan North Connect vera eit argument for opprustinga av kabelen mellom Sogndal og Aurland, men me har ikkje sett so mykje på det, for prosjektet er truleg lønsamt sjølv om ein ikkje reknar med den nordsjøkabelen, seier Akselsen til Porten.no

Han seier mykje førebels tyder på at oppgraderinga vil verta gjennomført, men at alle vurderingane ikkje vil vera i hamn før over vinteren, og at den endelege konklusjonen skal trekkjast i løpet av fyrste halvår. 

Dersom dei ynskjer å gjennomføra dette, lyt Statnett søkja om konsesjon til å byggja nye spenn over Sogndalsfjorden og Sognefjorden og til å erstatta den gamle leidningen på heile strekninga mellom Sogndal og Aurland. 

 

 
Til toppen