TRENG OPPGRADERING: Løpedekke på Jotun stadion er utslete og bruken kunne ha vore auka med kunstgras og flomlys, men då må det pengar til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG OPPGRADERING: Løpedekke på Jotun stadion er utslete og bruken kunne ha vore auka med kunstgras og flomlys, men då må det pengar til. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Ei oppgraderinga av Jotun stadion vil bety mykje for lokalsamfunnet

Det meiner leiar i Årdal idrettsråd. No vert det jobba for å auke bruken av anlegget, men då må det pengar på bordet til først.

Årdal: Då Arne Håkon Laberg tok til som leiar i idrettsrådet i 2015, varsla han at fokuset hans ville liggje på idrettsanlegga i kommunen. Der har Jotun stadion no fått høg prioritet.

– Det er fleire grunnar til at me fokuserer på anlegg. Det eine er behova ein har sett internt i bygda der det er få område att å spele fotball på sett i forhold til aktivitetsnivået. Det andre er at når ein utviklar anlegg, kan det bety noko for besøkande til bygda. Gode og flotte idrettsanlegg betyr mykje for eit lokalsamfunn, trur eg, seier Laberg.

BETYR MYKJE: Arne Håkon Laberg meiner ei oppgradering vil bety mykje for både idretten og lokalsamfunnet.
BETYR MYKJE: Arne Håkon Laberg meiner ei oppgradering vil bety mykje for både idretten og lokalsamfunnet.

Difor vert det no jobba med å oppgradere Jotun stadion i tre delprosjekt som omfattar nytt kunstgrasdekke, nytt dekke til løpebana og flomlys.

– For idretten vil dette bety at ein får meir brukstid på anlegga. God kvalitet på anlegg vil også vera skadeforebyggande og ein motivasjon i seg sjølv å trene på, legg han til. 

– Eit godt tiltak for idretten, men må vurdere behov

Planane er noko Årdal Fotballklubb stiller seg bak. Dei spelar hovudsakleg kampane sine på grasmatta, men stort sett kvar sesong går dei første og siste kampane på kunstgraset like ved.

– Eg er i utgangspunktet ein tilhenger av at fotball skal spelast på naturgras, men me ser at brukstida er så lita på Jotun stadion at det må me gjera noko med. Bana vert så sterkt påverka av spesielt regn, som gjer at det er fleire kampar i året som ikkje kan gå der, seier leiar i Årdal FK, Geir Kjetil Øvstetun. 

BEHOV: Geir Kjetil Øvstetun stiller seg bak planane, men meiner ein også må vurdere behovet.
BEHOV: Geir Kjetil Øvstetun stiller seg bak planane, men meiner ein også må vurdere behovet.

– For idretten er dette eit godt tiltak, men det skal også finansierast, og då må ein sjå på behovet. Me har eit fallande elevtal. Kjem bruken til å vere like stor i framtida som no? Det får vere opp til andre å vurdere, seier han og legg til at eit skifte av dekke på den eksisterande kunstgrasbana er vel så viktig.

Dersom ein får effekten som Laberg håpar på, kan nok behovet vere like stort i framtida. Han ser oppgradering av stadionanlegget i samanheng med den nye breiddeidrettslinja på Årdal vidaregåande skule.

Prislapp: 8 millionar kroner

Dei tre delprosjekta vil krevje ei investering på 7,5-8 millionar kroner. Omtrent halvparten vil ein kunne dekkje inn med tippemidlar og momsrefusjon, og så er det opp til næringsliv, lokale aktørar og kommune å stille opp med resten. Sistnemnde står i dag som eigar av anlegget.

– Førebels har det ikkje vore ei politisk vurdering av saka i det store og heile, men administrativt er me kjend med at det ligg ein del arbeid og planar rundt det, seier idrettskonsulent i Årdal kommune, Arne Hovland, som er samd i at det hadde vore greitt med ei oppgradering.

– Det er ikkje sett av midlar førebels til Jotun stadion, men i langtidsplanen er det sett av 2 millionar til skifte av dekke på kunstgrasbana i 2020. Kommunen har stått for utbygging tidlegare, men det er utfordrande i desse dagar. Me er komne dit at me kan løfte blikket og sjå framover, men me kan ikkje ta heile etterslepet på eitt eller to år, legg han til. 

I tillegg ligg det nokre heftelsar på anlegget som ligg tilbake i tippemidlar. Desse har ei bindingstid til 2018, fortel Laberg.

NATURGRAS: Dersom ein legg om dekket til kunstgras, vil det få konsekvensar for friidretten med sine greiner som spydkast og sleggje.
NATURGRAS: Dersom ein legg om dekket til kunstgras, vil det få konsekvensar for friidretten med sine greiner som spydkast og sleggje.

Friidretten ønskjer naturgras

Det dukkar også opp andre problemstillingar. For dersom ein legg om til kunstgras, vil det øydeleggje for greiner i friidretten som sleggjekast og spyd.

– Dette må bli ein diskusjon, men me vil primært sett ha grasbane med heilt nytt løpedekke og fullverdig friidrettsanlegg, seier leiar i friidrettsgruppa i IL Jotun, Per Inge Bale, som fortel at gruppa deira tel 15 aktive, som trenar ein gong i veka heile året innanfor fleire av greinene.

– Nokre ønskjer å behalde graset, men kommunen har ikkje veldig sterke meiningar om det eine eller det andre, svarar Hovland. 

– Kor realistisk er det at ein får til desse planane?

– Det er såpass konkret at me har fått med oss aktørane på ei prioritert rekkefølge der Jotun stadion står som nummer éin. Det er forankra i Årdal kommune. Og så er det ikkje verre enn at ein må sørge for finansiering, og då kan ein setja spaden i jorda, men finansiering må vere i orden først. Anlegget er i bruk, så det må skje i komprimert periode slik at ein ikkje øydelegg for mykje av sesongen, seier Laberg.

Til toppen