Leikanger: I praktboka Norsk frukthistorie tek pensjonert fruktprofessor Finn Måge oss med på ei reise i norsk frukthistorie gjennom tekst, bilete og vakre handkolorerte illustrasjonar. Han er sjølv oppvaksen på ein fruktgard i Ullensvang og har vore professor i fruktdyrking i 25 år ved det som tidlegare heitte Norges landbrukshøgskule på Ås.
Utgangspunktet hans er fruktdyrking i Hardanger, men vi får også høyra om næringa andre stader i landet.
Frå første Mosebok til moderne tid
Måge går grundig til verks og trekkjer linjene heilt tilbake til første Mosebok og fram til våre dagar. Han peikar på at eple er knytt både til forteljinga om Adam og Eva i Edens hage og den gamle norrøne gudelæra.
– At den mektige kvinna som blei gravlagt i Osebergskipet rundt 850 hadde med seg eple i gravkammeret, viser at eplet var kjent og noko gjævt, seier han.
Frå vikingtida finst det likevel lite konkret informasjon om fruktdyrking her i landet.
Artikkelen held fram under biletet.

Munkane viste veg
Det var først då munkane kom til landet rundt 1200-talet at det blei fart på fruktdyrkinga. I tillegg til viktige kontaktar i utlandet, kunne dei kunsten å poda og formeira frukttre. Det var noko vanlege folk hadde lite kunnskap om på den tida. På den måten blei det meir fruktdyrking rundt klostera og områda rundt.
– Munkane var med på å laga nye frukttre som blei spreidde rundt i distriktet, seier Måge.
Ein viktig grunn til at fruktdyrkinga blei så viktig i Hardanger var at munkane ved Lysekloster hadde ein såkalla bugard i Ullensvang.
Artikkelen held fram under biletet.

Entusiastiske epleprestar
Etter reformasjonen då munkane forsvann, gjekk fruktdyrkinga litt tilbake, og det blei vanskelegare å få tak i frukttre. Seinare på 1600- og 1700-talet blei mange prestar viktige føregangsmenn for fruktdyrkinga både i Hardanger, Sogn og andre stader i landet. Og frå 1750 skaut fruktdyrkinga i Noreg for alvor fart.
På same måten som munkane var mange teologar levande interesserte i frukt. Dei importerte frukttre frå utlandet, oppretta planteskular, fagpolitiske organisasjonar og spreidde nye tre og ny kunnskap til bøndene.
Eple i ei særstilling
I boka nemner forfattaren namnet på heile 1.200 fruktsortar, men han legg til at det blei testa langt fleire.
– Mykje av framgangen i norsk fruktdyrking har kome av betre sortar, seier han.
Artikkelen held fram under biletet.

Eple har heile tida hatt ei særstilling i fruktdyrkinga her i landet.Både planteskular, forsøksgardar og private fruktdyrkarar har opp gjennom åra vore ivrige etter å testa ut nye sortar. Forsøksgarden på Njøs i Sogn skal til dømes ha testa mellom 500 og 600 eplesortar frå 1920 til rundt 1970.
Det var heller ikkje uvanleg at vanlege fruktdyrkarar kunne ha frå 20 til nærmare 50 ulike eplesortar. I dag har talet blitt sterkt redusert, og dei fleste fruktdyrkarane nøyer seg med nokre få sortar, skriv forfattaren.
Pærer og plommer på frammarsj
Frå 1800-talet tok mange fruktdyrkarar i Hardanger og Sogn også til å dyrka pærer.
– Etter 1970-talet har derimot pæreproduksjonen gått sterkt tilbake. Grunnen er at vi ikkje har hatt pæresortar som har kunne konkurrera med utanlandske pærer, seier Måge.
Artikkelen held fram under biletet.

Nye norske pæresortar skaper derimot nytt håp for den norske pæreproduksjonen.
– Det er godt mogleg vi no får eit oppsving i den norske pæreproduksjonen, meiner han.
Tendensen er den same for norske plommer.
– Etter å ha gått sterkt tilbake ein del år er norsk plommeproduksjon no på frammarsj. Vi har fått fleire nye sortar med gode smakar og mange dyktige produsentar som søkjer kunnskap i andre land. Alt dette gjer seg utslag i ein ny måte å dyrka plommer på.
Trur på ny blømingstid
Den pensjonerte fruktprofessoren ser i det heile optimistisk på framtida for norsk fruktdyrking.
– Etter å ha vore nede i ein bølgjedal, ser det ut til at næringa no er på veg opp att, seier han. Han peikar på at det har kome mange gode sortar, og at kvaliteten er heva både for norske eple, pærer, plommer og morellar.
Dyktige produsentar og auka interessa for kortreist mat og lokalproduserte råvarer er òg med på å styrkja næringa, meiner han.
– Vi ser no at det blir laga mange nye produkt som folk er villige til å betala for. Det er difor all grunn til å tru at det framleis vil bløma i Hardanger og at norsk fruktdyrking vil styrkja seg i åra framover, meiner Finn Måge.
(©NPK)