Langfredag: Klargjering av utstyr før transport av skada hund. Foto: Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal.
Langfredag: Klargjering av utstyr før transport av skada hund. Foto: Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal.

Ei roleg påske

Beredskapen i fjella fortel om rolege forhold og få ulukker denne påsken. 

Operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps, Øyvind Aarethun Lysne.
Operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps, Øyvind Aarethun Lysne.

– Bortsett i frå dei 11 skigåararane som vart meld sakna i Lærdalsfjella sist laurdag, har det vore heilt roleg, fortel Øyvind Aarethun Lysne, operativ leiar i Lærdal Røde Kors Hjelpekorps.

Småulukker

Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal har hatt ein del småoppdrag i påsken. – Vi har vore til ei hytte med fyrstehjelpsutstyr og frakta eit born med høg feber ned til vegen for vidare transport til legevakt, seier Kjell Arne Solheim, leiar i Norsk Folkehjelp Sanitet Årdal. Ei kvinne måtte fraktast til lege med skade i ein ankel og folkehjelpen bidrog med transport av ein hund som måtte til dyrlegen etter ein skade som oppstod under ein skitur. – Ellers har me hatt normalt med varekøyring til hyttene, fortel Solheim. 

 

Til toppen