GOD UNDERHALDNING: Bebuarane på aldersheimen i Lærdal blei underhaldt med flott song. Foto: Anne Karin Skjær.
GOD UNDERHALDNING: Bebuarane på aldersheimen i Lærdal blei underhaldt med flott song. Foto: Anne Karin Skjær.

Ei rørande stund med vakker song og musikk

Ei stolt oldemor på 94 år møtte opp då Melina Mo (7) ilag med Lærdal kulturskule inviterte til konsert ved Lærdal alders- og sjukeheim.

– Songstemma har ho ikkje etter meg, men far min song i kyrkja, så songtalentet ligg nok i slekta, fortel Inger Mo, som var imponert over alle dei flinke songelevane.

Under minikonserten til Lærdal kulturskule tysdag ettermiddag, fekk bebuarane ved Lærdal alders- og sjukeheim presentert både nye og litt eldre låtar.

Songlærar Elizabeth Stewart byrja konserten med songen "Thank you for the Music" av Abba. 

Musikalsk blanding

I tillegg blei konserten innleia med ein liten sketsj med namnet "Det kongelege papir". Om nokon skulle tru at dette var eit papir, som var noko utanom det vanlege, tek ein heilt feil.

Fjerdeklasse-elevane ved kulturskulen levde seg godt inn i dei ulike rollene, og fann til slutt ut at det "kongelege papiret" rett og slett bestod av eit vanleg toalettpapir.

Vidare i programmet song 3. klasse elevane, Odin, Stephanie og Melina "Hei du som mobber", og 4. klasse jentene Anna, Ina Elida og Sara framførte trestemt "Honey, Honey" av Abba. David, Casper og Eirik stemte i med den kjente låten frå Vamp "Månemannen", medan konserten blei runda av med "I have a dream" og "Gje meg handa di ven". [Inger Mo tykte songelevane var flinke.]

Stolt oldemor

– Songelevane var flinke og frimodige, tykte Inger Mo, som sjølv aldri har songe offentleg. 

Ho legg til at det var ei oppleveing å få høyre oldebornet Melina, og alle dei dyktige songarane. Melina sjølv er glad for at ho fekk syngje for oldemor og dei eldre ved sjuke- og aldersheimen. 

Den snart 8 år gamle songeleven, har øvd ne [Odin og Melina] sten kvar dag før konserten, og kan godt tenkje seg å bli songar når ho blir stor. 

Veninna Stephanie har same interessa. Ho drøymer om å bli like stor som artisten Rihanna. For begge er det fyrste gongen dei opptrer med kulturskulen, men det blir neppe den siste. For dette har utan tvil gitt meirsmak. 

Musikkskulelærar Elizabeth Stewart Søvik ser ikkje vekk frå at det blir fleire konsertar framover, og er alt godt i gong med planlegginga.

Til toppen