NYE FORMER: Designerne til Peugeot har skapt en bil som står fram i massen av nær identiske familie-SUVer. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.
NYE FORMER: Designerne til Peugeot har skapt en bil som står fram i massen av nær identiske familie-SUVer. Foto: Morten Abrahamsen / NTB tema.

Ei smart klassereise

Peugeot 3008 har gått fra å vere ein keisam fleirbruksbil til ein funky familie-SUV, men overgangen er ikkje knirkefri.

  • Endret

Peugeot 3008 har gjort ei smart klassereise. Frå  å vere ein fleirbruksbil med estetiske utfordringar har han no blitt ein familie-SUV med ein særeigen karakter. Eit grep som truleg er fikst. For sjølve segmentet synest å vere i ein evig vekst, her er det så definitivt plass til fleire aktørar. Samtidig har Peugeot tatt sjansen på å gi 3008 ein utsjånad som er original.

Ofte kan det vere litt vel dristig å vere kreativ i dei store massesegmenta, stort sett vil folk ha ein bil som ikkje skil seg ut. Men med det store tilbodet av modeller i 3008's etasje kan det likevel vere smart å satse på noko som ikkje liknar på alle dei andre bilane på parkeringsplassen ved kjøpesenteret.

Artikkelen held fram under biletet.

NOKO HEILT EIGE: Innvendig har Peugeot verkeleg skapt noko eige. Det ser bra ut, men krev tilvenning, og det rare rattet passar ikkje alle.
NOKO HEILT EIGE: Innvendig har Peugeot verkeleg skapt noko eige. Det ser bra ut, men krev tilvenning, og det rare rattet passar ikkje alle.

Ein umiddelbar fordel er at ein faktisk finn att bilen.

Det er også fint å sjå at Peugeot, med den designhistorien merket har, igjen er på sporet av noko som kan kallast karakter, etter mange år med estetisk surr og rot.

Eksentrisk

Storleiksmessig er 3008 der ein finn andre storseljarar som Nissan Qashqai, Toyota RAV4 og Volkswagen Tiguan. Ein treng ikkje å stå mange sekund ved ein veg før ein slik bil passerer.

Artikkelen held fram under biletet.

BRA PLASS: Bagasjevolumet er blant dei beste i klassen.
BRA PLASS: Bagasjevolumet er blant dei beste i klassen.

Peugeot har vore gode på plassutnytting. 3008 er av dei betre når det gjeld innvendig plass, og har tatt med seg det lett eksperimentelle frå utsida inn i bilen. Her liknar bilen verkeleg ikkje på nokon andre. Design, funksjonar og ikkje minst eit knøttlite ratt er i ein eigen, eksentrisk klasse. Umiddelbart er ein totalt framandgjort, ingen ting er slik ein er van med. Igjen eit dristig val. Samtidig tar det ikkje lang tid før ein finn fram og venner seg til det aller meste. Sjølve utføringa er på eit svært bra nivå, langt unna rotet som var i dei førrre utgåvene frå merket.

Den opplevde kvaliteten står ikkje tilbake for noko frå Volkswagen, og komforten bak rattet er det ikkje noko å seie på. Det er det derimot når det gjeld rattet. 

Leikeratt

Peugeot fann for nokre år sidan ut at eit mikroratt gjer at ein ideelt sett kan setje instrumenta slik at ein ser dei over rattet. Det kan tenkjast at det fungerer for nokre kroppar, men for underteikna treff øvre del av rattet sikta til nettopp instrumenta, og er ei evig kjelde til irritasjon.

Artikkelen held fram under biletet.

MÅL: Salsmålet til importøren er 2.000 bilar. Hittil er det flest med 120 hester diesel og 165 bensin. 130 hestekrefter med automat, som testbilen, kommer til kundene i mars, og de antar at det da vil bli en dreining mot den.
MÅL: Salsmålet til importøren er 2.000 bilar. Hittil er det flest med 120 hester diesel og 165 bensin. 130 hestekrefter med automat, som testbilen, kommer til kundene i mars, og de antar at det da vil bli en dreining mot den.

Det same er den automatiske girkassen, som er for sløv og sliper vekk kvikkheita frå det som er ein artig motor.

Bilen vi testar, har ein tresylindra 1,2 liters bensinmotor på 130 hestekrefter, som er turtalsvillig og, når han får lov av girkassen, temmeleg frisk. På papiret ser motoren litt stusslig ut, men i verklegheita er han artigare enn ein skulle tru. Vi har prøvd tilsvarande motor med manuell girkasse, då blir han sporty. Samtidig treng han litt turtal, noko som gjer at det er fort gjort å hamne på eit heilt anna drivstofforbruk enn det brosjyren fortel om.

Kvalitetsheving

Automatgir bidrar på den andre sida med god komfort, og det passar for så vidt til bilen, som både serverer bra køyreeigenskapar og ei behageleg reise. Her har Peugeot med sine nyaste modellar funne tilbake noko av det som gjorde bilane deira populære for 30 år sidan.

Artikkelen held fram under biletet.

LYSFONTENE: LED-lykter med en egen signaturform er standard.
LYSFONTENE: LED-lykter med en egen signaturform er standard.

Det dei ikkje kan tilby med 3008, er firehjulstrekk. Noko dei aller fleste konkurrentane kan. Det ein får her er med andre ord ein tidstypisk bil, utan at han heilt kan dra fordel av den høge bakkeklaringa på over 20 centimeter. For mange spelar det nok inga rolle, men dette er på same tid ein bil der ein vil forvente at trekk på begge akslingar er ein opsjon.

Prismessig hamnar han også litt høgt samanlikna med konkurrentane, han er riktignok velutstyrt, men det betalar ein heilt klart for.

Det som er kult er at Peugeot viser at dei er på rett spor. Bilane dei har lansert dei siste åra, held eit heilt anna nivå enn modellane dei hadde for fem år sidan, både med omsyn til utsjånad og teknikk. Om marknaden responderer på ein positiv måte, gjenstår å sjå. Peugeot har hatt ei negativ utvikling i den norske marknaden dei siste åra. Ønskjer du å vere litt vill innanfor heilt trygge rammer, kan Peugeot 3008 vere ett riktig val. (©NPK)

Til toppen