RØYSTA MOT: Også Kurt Jevnaker i Venstre, som sjølv er symjetrenar, røysta mot å halda friluftsbassenget på Årdalstangen ope i sommar.
RØYSTA MOT: Også Kurt Jevnaker i Venstre, som sjølv er symjetrenar, røysta mot å halda friluftsbassenget på Årdalstangen ope i sommar. (Foto: Snorre Sandemose)

Ei stemme avgjorde: – Difor stemte jamvel symjetrenaren for å stengja friluftsbassenget på Årdalstangen

Vil ha ein langsiktig plan for drift av bassenga i kommunen heller enn å diskutera einskildbasseng frå år til år.  

Årdal: – Alle basseng er viktige for å skapa symjeaktivitet og få ungane ut i vatnet. Det er der dei må vera for å verta symjarar. Me er samde med Stein Idar i at friluftsbassenga er viktige, seier Kurt Jevnaker (V) til Porten.no rett etter kommunestyremøtet. 

MÆLTE FOR FRILUFTSBASSENGET:  Det var Marie-Helene Brandsdal og Stein Idar Sem-Johansen som fremja Ap sitt syn i saka frå talarstolen.  Arkivfoto: Snorre Sandemose

Dei ti Arbeidarparti-representantane stod torsdag åleine om å røysta for å halda bassenget ope i sommar. To av dei, Stein Idar Sem-Johansen og Marie-Helene Brandsdal, var på talarstolen og heldt lengre, flammande talar for å setja av pengar til bassengdrifta i sommar. 

Men dei elleve representantane i kommunestyret som ikkje tilhøyrer Ap, røysta imot alle saman.    

Jevnaker, som sjølv er symjetrenar i IL Jotun, listar fleire grunnar til at ikkje han kunne stø framlegget frå Arbeidarpartiet. 

– For seint uansett

Frå talarstolen sa han det ville vera drøye prosessar med å lysa ut anbod i høve vedlikehaldsarbeida som må gjerast. «Åkke som» meinte han difor at det no er for seint å vedta å halda ope bassenget til sommaren. 

På sist kommunestyremøte like før jul, medan det framleis hadde vore nok tid, var han òg ein av dei som rådde frå å halda bassenget ope.

AP-REPRESENTANTANE RØYSTER FOR: Alle dei ti representantane frå Ap røysta for henta pengar frå disponeringsfondet til å halda ope friluftsbassenget på Årdalstangen til sommaren. Men åleine har dei ikkje fleirtal i kommunestyret.  Foto:  Snorre Sandemose

– Det vert meiningslaust å setja av pengar til drift når me ikkje samstundes ser på vedlikehaldet, seier Jevnaker, og han målbar dette synet på kommunestyremøtet før jul.

Då vart det sett av pengar til å drifta bassenget, men utan å setja av midlar til vedlikehald. 

– Eg meiner det vart fatta ei avgjerd på tynt grunnlag der, seier Jevnaker. 

Etterlyser plan

Frå talarstolen rosa Jevnaker det Sp-representanten Thomas Norheim Moen hadde kome med litt tidlegare i sitt innlegg. 

Moen hadde minna om at det er tre basseng i Årdal som er på etterskot med vedlikehaldet. Han føreslo at politikarane ser på kva dei ulike bassenga i Årdal treng av tilsyn og oppussing, og lagar eit økonomisk reknestykke for drift og vedlikehald for bassenga i åra som kjem. Han vil ha ein driftsplan meisla ut for dei neste 5-7 åra, slik at ein slepp å diskutera bassengdrift kvar einaste gong det kommunale budsjettet skal vedtakast. 

– Eg òg vil ha ein plan for heile bassengsystemet vårt, og få han inn i kommunen sitt planverk. No lèt me i staden enkeltsaker hefta oss utan å fylgja nokon plan. Det er ikkje teknisk forsvarleg i lengda, seier Jevnaker. 

Fryktar for 50-metersbassenget

Som Thomas Norheim Moen før han, sette også Jevnaker av ein del av talartida til å snakka om vedlikehaldsetterslepet på andre basseng i kommunen. Han drog fram 50-metersbassenget som døme, der han sjølv er symjetrenar for IL Jotun.

– Det er ikkje mange som har eit slikt 50-metersbasseng som me har, og det er populært. Me er der tre gonger for veka. Andre symjeklubbar kjem på besøk til oss på grunn av at bassenget er so langt. Det høver godt som konkurransebasseng, seier Jevnaker. 

Men han meiner at også dette bassenget snart er på eit so låkt nivå vedlikehaldsmessig at det vert problematisk.

– Det understrekar at me treng ein plan for bassengdrift, seier Jevnaker.

– Om ikkje det kjem ein plan, kan også dette bassenget gå dukken?

– Ja, eg er redd for det. 

Utelukkar ikkje at friluftsbassenget vert stengt for godt

– Trur du friluftsbassenget er lagt ned for godt?

– Det vil tida visa. Me må få på plass ein heilskapleg plan på kva me skal prioritera og kva me ikkje skal prioritera. Me er ikkje i mot bassenget i utgangspunktet.

Jevnaker ynskjer òg å få kartlagt eksakt kor mykje det kostar å gjera vedlikehaldsarbeidet, få alle tal på bordet, og sjå kva ein eigentleg har råd til.

Han seier han ikkje kjenner seg viss på at ein veit enno kva det eigentleg vil kosta å pussa opp bassenget att slik at det kan opnast.  

– Har du, som symjetrenar, tenkt at det bassenget er viktig for symjedugleiken til årdøler?

– Det er klart at alle basseng er viktige i høve til å skapa aktivitet rundt bassenga og få ungane ut i vatnet. Det er der borna må vera for å verta symjarar.

Her vert han avbroten av Stein Idar Sem-Johansen lenger inn i rommet. Sem-Johansen slår ein liten vits, og etter litt latter held Jevnaker fram:

– Men me kan ikkje driva symjeopplæring for småungar i Årdalshallen til dømes. For det er for djupt vatn der.

– Var det friluftsbassenget som eigentleg passa best for dei minste?

– Nei, eigentleg har me få basseng som passar godt til det. Eigentleg er kanskje det beste det som er oppe på Tangen skule i forhold til å driva småbarnsopplæring. 

– So friluftsbassenget er meir for symjegleda?

– Ja, for symjegleda er det viktig å ha so mange basseng som mogleg. Det er alltid ein fordel dess fleir basseng du kan ha, men det er ikkje alltid ein har råd til å ha alt ein kan ynskja seg.

Til toppen