STIFTING: I sommar er det lagt ned mange dugnadstimar på Ofredalsanlegget, men skal ein få skikkeleg fart på sakene burde ein organisere dette som ei stifting i staden for at Årdal kommune eig bygningsmassen. Foto: Harald Thune. 
STIFTING: I sommar er det lagt ned mange dugnadstimar på Ofredalsanlegget, men skal ein få skikkeleg fart på sakene burde ein organisere dette som ei stifting i staden for at Årdal kommune eig bygningsmassen. Foto: Harald Thune. 

– Ei stifting må til for å bevare «Ne fø sjøen»

Å organisera Ofredalsanlegget som ei stifting kan bli redninga for dei historisk viktige bygningane.

Ofredalen: – Det er viktig at me får dette opp og gå så fort som mogleg elles kan me ikkje søka om midlar. Årdal kommune kan ikkje få midlar, og det må bli slik elles kjem me ikkje lenger.

Det seier Harald Thune, ein av eldsjelene som i sommar har vore med på ein voldsom dugnadsinnsats på anlegget i Indre Ofredalen, der målet er å bevara og restaurera bygningsmassen. 

I dag er det Årdal kommune som står som eigar av bygningane, men slik den økonomiske situasjonen er har dei ikkje råd til å bidra med midlar. Difor har Thune foreslått å organisere dette som ei stifting. Det er formannskapet, som i dag organiserer drifta, positive til.

BESTE LØYSING: Erling Offerdal (Sp) meiner ei stifting er den beste løysinga for å få fart på arbeidet med Ofredalsanlegget.
BESTE LØYSING: Erling Offerdal (Sp) meiner ei stifting er den beste løysinga for å få fart på arbeidet med Ofredalsanlegget.

Positive politikarar

– Eg er for så vidt litt inhabil, men eg har vore med heile vegen, og me har prøvd med ulike prosjekt. Dette tiltaket er noko av det beste. Dei har gjort ein fantastisk jobb, og sjølvsagt så hastar dette for oss som bur der ute. Å få midlar til kommunen er vanskeleg, og då trur eg ei stifting er rette måten, seier Erling Offerdal (Sp).

Heilt sidan slutten av april har ein dugnadsgjeng halde det gåande med dugnadsarbeid tilsvarande tre dagar i veka. Politikarane roser Thune og dei andre for innsatsen.

– Denne saka har eg venta lenge på. Anlegget der ute er historia vår, og det er eit kulturelt så viktig minne at det er vår plikt å ta vare på det og få det opp og gå, ikkje berre for oss, men for framtidige generasjonar. Eg vil retta ei stor takk til Harald Thune og dei andre, seier Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap).

Kritisk for saghuset

Tidlegare i sommar var byantikvaren i Lærdal, Hallvard Trohaug, Stig Nordrunshagen i kulturavdeling i fylkeskommunen og Stine Mari Måren Elverhøi i Årdal kommune på befaring.

Konklusjonen er at det er ein del arbeid som skal gjerast med å måla bygningane, men det er først og fremst saghuset det er kritisk for, noko rådmann Olve Fossedal gir uttrykk for.

Artikkelen held fram under biletet.

KRITISK: Saghuset er det bygget det er mest kritisk for av all bygningsmassen saman med mølla. Å restaurere dette kan koma til å kosta opp mot 10 millionar kroner, seier Harald Thune.
KRITISK: Saghuset er det bygget det er mest kritisk for av all bygningsmassen saman med mølla. Å restaurere dette kan koma til å kosta opp mot 10 millionar kroner, seier Harald Thune.

Thune fortel at berre arbeidet med saga er taksert til 5-6 millionar, men det er gamle tal, så dette vil nok kosta langt meier i dag.

– Eg er redd for at dette går galne vegen. Kommunen har ikkje midlar til å gjera dette i den situasjonen me er i no, og då må me tenkja alternativt. 

– For gale om det fell saman

Dersom arbeidet vert organisert som ei stifting, vil det bli lettare å søka om pengestøtte. Det vil også føra til at sjølve grunnen fell tilbake til grunneigar, som i dag er Endre Offerdal.

– Eg har snakka med han, og det er ingen problem, kommenterer Thune og forklarar kvifor han er så oppteken av dette.

Artikkelen held fram under biletet.

DUGNAD: I heile sommar har ein gjeng drive dugnad for å betra standen på bygningsmassen. Blant anna har våningshuset blitt skrapt og måla opp att.
DUGNAD: I heile sommar har ein gjeng drive dugnad for å betra standen på bygningsmassen. Blant anna har våningshuset blitt skrapt og måla opp att.

– Eg har alltid interessert meg og har vore mykje der ute, men eg har ikkje hatt moglegheit tidlegare på grunn av jobb. I den nye jobben min på ASVO har fri frå 15.00, og då har eg behov for ein hobby. Eg likar slikt og tykkjer det er for gale om det fell saman. Det er historie for Årdal kommune. Ein kan godt kalla det for det første rådhuset sidan ordførarane budde her før, og så var det første postkontoret og telegrafen i Indre Sogn.

Attraksjon

Pengar er mykje av nøkkelen, og då kjem det godt med at Byggmakker har sponsa med måling, medan landbrukskontoret har gitt ein munnleg lovnad om midlar på mellom 50.000-80.000 kroner. Viss alt går etter planen, er tanken å drifta dette på same måte som til dømes Skåri i Utladalen.

– Målet er å trekka folk ut og tilby overnatting som i Skåri og Vetti. Det er to stykk som har sagt at dei vil bu der ute neste sommar utan vederlag fordi dei treivst så godt, fortel Thune. 

Til toppen