MODERNISERING: Støyperisjef Morten Elverhøi ser fram til å støype meir spesialiserte produkt i tida framover. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
MODERNISERING: Støyperisjef Morten Elverhøi ser fram til å støype meir spesialiserte produkt i tida framover. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ei stor investering for framtida

Hydro investerar no fleirfaldige millionar i ny støypeteknologi til Tya støyperi i Årdal. – Fyrste støyp vil skje i midten av august, seier støyperisjef Morten Elverhøi.

Marknaden for aluminium er i endring, og for standardprodukt merkar Hydro ein markant nedgang. Elverhøi fortel om sterk konkurranse frå Russland og Midtøsten på produkt som blant anna aluminiumsfolie og plater til trykkeindustrien, og ser no fram til å kunne spesialisera produksjonen i større grad enn tidlegare.

Bilindustri

Med den nye AFM-teknologien, ”adjustable, flexible moulds” eller ”justerbare, fleksible støypeformer”, vert Tya eit topp moderne støyperi med aluminium til bilprodusentar som sin spesialitet. ­– Dette gjer oss i stand til å støype blant anna 6XXX-legeringer som vert nytta til bilkarosseri, seier Elverhøi. Han legg til at dette er i tråd med endringane i marknaden der fleire og fleire bilprodusentar no går vekk i frå stål og heller nyttar aluminium.

Sikkerheit

Elverhøi påpeikar fleire fordelar med den nye AFM-teknologien, og legg spesielt vekt på tryggheita til operatørane. – I dag er det manuell styring på prosessane rundt start og stopp på maskinene. Med den nye forma vert desse prosedyrane automatisert, slik at operatørane ikkje treng å vere nær det flytande metallet som held rundt 700 grader.

Modernisering

AFM-teknologien har vorte testa og vidareutvikla i Høyanger sidan i fjor, og til sommaren kjem den fyrste forma til Årdal. – Vi er veldig klare for å ta i mot dette, seier Elverhøi. Han fortel om stor entusiasme blant dei tilsette og elles i organisasjonen.

– Dette er noko heilt nytt, og med dette kjem me oss eit par skritt vidare inn på marknaden. 

Til toppen