MEKTIG: BMW X6M er mektig. Når du veit at han også er rask og kostbar, blir det ein bil ingen er likegyldige til. Foto: Jan Harry Svendsen / NPK
MEKTIG: BMW X6M er mektig. Når du veit at han også er rask og kostbar, blir det ein bil ingen er likegyldige til. Foto: Jan Harry Svendsen / NPK

Ei studie i øydsling

Den veg godt over to tonn. Under panseret sit ein turbolada V8-er med 575 hestekrefter. BMW X6M er ein bil som demonstrerer det heilt ekstreme.

  • Endret

Få stiller seg likegyldige til BMW X6, bilen med høg bakkeklaring, coupeliknande karosseri og enorme dimensjonar. Kritikarane spådde bilen ein sikker død allereie då første generasjon blei lansert. Men dei tok feil. Denne sportslege SUV-en, BMW kallar han til og med SAC (Sport Active Coupe), har både begeistra tilhengjarar – og innbitne motstandarar.

Artikkelen held fram under biletet

UPRAKTISK: Forma på karosseriet gir avgrensa takhøgd i baksetet og lite høgd i bagasjerommet. Ein X5 er meir praktisk.
UPRAKTISK: Forma på karosseriet gir avgrensa takhøgd i baksetet og lite høgd i bagasjerommet. Ein X5 er meir praktisk.

Kva tenkte dei?

Eg skulle veldig gjerne vore fluge på veggen då BMW bestemte seg for å byggje denne nye modellen, X6M. For kva er det eigentleg som går føre seg på eit styrerom der ein diskuterer produktutvikling og nokon får det for seg at ein skal putte V8-aren frå M5 inn i ein X6?

Nikkar alle og meiner at det er ein god idé – medan dei tar ein slurk kaffi og ein bit frå wienerbrødet – eller er synspunkta like sprikande som meiningane om X6 er? Her kan vi berre gjette, men motstanden mot bilen kan ikkje ha vore så omfattande. For då hadde dei vel ikkje fått lov til å trimme den allereie 550 hestekrefter sterke M5 motoren til å yte 575 hestar i X6M?

M-knapp

BMW X6M er ein bil med fleire sider. Av natur er han sportsleg laga, men han er også svært komfortabel. La M-knappen på rattet vere i fred, og du kan lene deg tilbake i perfekte sportssete og nyte ein bil med nydeleg fjøringskomfort og lågt støynivå. Samstundes sit du høgt og har eit heilt eige utsyn over trafikkbiletet. Alt medan motoren jobbar silkemjukt, og girkassen girar behageleg.

Artikkelen held fram under biletet

STERK: Ti radiatorar sørgjer for å halde den turbolada V8-aren kald når han pumpar ut 575 hk og 750 Nm i dreiemoment.
STERK: Ti radiatorar sørgjer for å halde den turbolada V8-aren kald når han pumpar ut 575 hk og 750 Nm i dreiemoment.

Men eg lar ikkje M-knappen vere i fred. Eg trykkjer han inn, og det som då møter meg, er ein bil som kan ta opp kampen mot det meste gateregistrerte med fire hjul. Akselerasjonen er brutal og slynger den digre bilen framover som om han skulle vore ein liten og lett GTi-bil. Berre 4,2 sekund bruker bilen på frå 0 til 100 kilometer i timen. Den et svingar med ein appetitt som ein reindyrka sportsbil, krenger knapt, og sjølv om det finst styringar som gir betre tilbakemeldingar, er ein aldri i tvil om kvar ein har bilen. V8-aren snerrar og skrik medan automatkassen hamrar gira på plass når ein trekkjer i hendlane på rattet.

Kostbar

Dette er ein mektig bil. Eit køyretøy som nærmast opphevar fysiske lovar der det klorer seg fast til asfalten. Det er også ein bil som så til dei grader demonstrerer overflod og luksus.

Sjølvsagt er det også ein bil som verda i det heile ikkje trenger. Ein bil som provoserer og som forundrar – og som berre nokon ganske få vil kjøpe. For han er ikkje billig. Over 2,2 millionar kroner må du ut med for å få ein til odel og eige – og sjølv om bensinrekningane neppe er av interesse når ein legg slike summer på bordet, kan eg avsløre at dei blir betydelege. Det gjer også verditapet.

Artikkelen held fram under biletet

EKSKLUSIVT: Førarmiljøet er eksklusivt og nobelt. Oversikta er god, men kjensla bisarr når ein køyrer aktivt.
EKSKLUSIVT: Førarmiljøet er eksklusivt og nobelt. Oversikta er god, men kjensla bisarr når ein køyrer aktivt.

Splitta personlegdom

Det største problemet er at bilen er så splitta. I den eine augneblinken er han ein komfortabel SUV, i det neste ein upraktisk SUV – for så å innbille seg at han er ein supersportsbil. Men nokon sportsbil er dette faktisk ikkje. Jo da, han har sportslege ambisjonar – men køyreglede som i ein sportsbil finn du ikkje, trass i dei enorme kreftene.

SPORTSSETE: I desse seta er det lett å finne ein komfortabel sitjeposisjon. Også støtta er god.
SPORTSSETE: I desse seta er det lett å finne ein komfortabel sitjeposisjon. Også støtta er god.

Som SUV er han heller ikkje veldig praktisk. Bagasjeplassen er avgrensa på grunn av vinkelen på bakluka, og det skråande taket gir ikkje noko god takhøgd i baksetet. Trenger du plass, har BMW ei betre løysing: X5M. Det er same bilen, men pakka inn i eit karosseri som gjer det heile hakket meir praktisk.

Men det aller beste er å ikkje kjøpe verken BMW X6M eller X5M. Kjøp heller ein X6 med moderat motor. Då har du framleis råd til ein M3 – eller ein skikkeleg sportsbil – ved sidan av. Samstundes slepp du å leve med ein bil full av kompromiss.

(©NPK) 
 

Til toppen