Årdal: – Det er ei stor utfordring, og eg har tenkt mange tankar kring å vidareføra eit konsern som HMR. Det er ei historie som har gått veldig bra, og eg skal gjera mitt for å vidareføra dette, seier Seim jr. til Porten.no.
Ei pressemelding frå HMR fortel at årdølen tek over for Knut Prestnes. Seim jr. fortel han har jobba tett på Prestnes lenge.
– Eg har jobba i HMR-konsernet i 27 år, og vore tett på konsernsjefen fram til i dag. Så eg fekk spørsmål om å ta denne oppgåva vidare; ei tillitserklæring som eg audmjukt tek i mot.
Vil først skaffa seg fullt oversyn
Han går frå stillinga som dagleg leiar i HMR Hydeq AS, ei stilling han har hatt sidan 2000. Tidlegare hadde Seim jr. også fleire ulike roller i konsernet.
– No skal eg skaffa meg fullt oversyn over konsernet som heilskap og trygga det som er etablert i første omgang. Så kan ein sjå på moglegheita for at me kan utvikla oss enno meir vidare, til dømes finna nye marknadssegment, seier Seim jr.
HMR-konsernet har seks dotterselskap og leverer hovudsakleg tenester og løysingar til prosess-, energi-, olje- og gassindustrien.
Hovudkontoret ligg på Husnes i Kvinnherad i Hordaland.
– Det vil bli mykje vekependling, men ein del kan eg gjera frå Årdal også. Det er viktig å vera der det skjer når ein er konsernsjef. Me har avdelingar på Voss, Sunndalsøra og i Bergen også, så det blir ein del reising.