ANKAR IKKJE: Fylkesutvalet ankar ikkje forbodet til Konkurransetilsynet. Salet av Fjord1 til Torghatten er dermed daudt. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
ANKAR IKKJE: Fylkesutvalet ankar ikkje forbodet til Konkurransetilsynet. Salet av Fjord1 til Torghatten er dermed daudt. Foto: Truls Grane Sylvarnes. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

– Ei totalvurdering som gjer at me ikkje ankar

Det vert ikkje sal av Fjord1 til Torghatten likevel.

Indre Sogn: Under møtet onsdag vedtok fylkesutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er majoritetseigar i Fjord1, ikkje å anke avgjerdsla til Konkurransetilsynet. Dermed blir det ikkje noko av salet.

– Me har gått gjennom tilsynet sitt vedtak og ut frå ei totalvurdering har me funne ut at me ikkje ankar. Då er det fleire moment som trekk i ulike retningar som utgjer denne totalvurderinga, seier fylkesordførar Jenny Følling til Porten.no.

– Kan du seie noko om kva moment de har diskutert?

– Nei, eg vil ikkje gå inn på einskildmoment fordi det er så mange og fleire av desse er underlagt teieplikt. Når me vog alle omsyn opp mot kvarandre, vart dette konklusjonen, seier Følling vidare.

La ned forbod

Det var tilbake i november 2015 fylkeskommunen vedtok å gjennomføra eit gradvis nedsal i F1 Holding/Fjord1 med Torghatten ASA som kjøpar.

Artikkelen held fram under biletet.

ANKAR IKKJE: Fylkesutvalet ankar ikkje Konkurransetilsynet sitt vedtak om å forby salet av Fjord1 til Torghatten.
ANKAR IKKJE: Fylkesutvalet ankar ikkje Konkurransetilsynet sitt vedtak om å forby salet av Fjord1 til Torghatten.

Fylkeskommunen er majoritetseigar i Fjord1 og eig 59 prosent av aksjane med Havilafjord AS som eigar av dei resterande 41 prosentane. Ifølgje NRK hadde selskapet ei omsetning på 2,3 milliardar i 2014.

Både sjølve salet og prosessen fram til det vart svært omdiskutert, både blant folkevalde og elles. Vedtaket vart difor klaga inn til Konkurransetilsynet, som for tre veker sidan la ned forbod mot salet.

Heller ikkje Torghatten har anka dette vedtaket frå Konkurransetilsynet.

Vurdere andre løysingar

I ei pressemelding opplyser fylkeskommunen elles at det økonomiske mellomverande mellom fylkeskommunen og Torghatten vil bli regulert av avtaleverket mellom partane.

Her skriv fylkeskommunen også at dei no kan eventuelt vurdere andre løysingar med Fjord1.

– Det er slik at fylkestinget har eit vedtak i eigarskapsmeldinga om sal. No startar fylkestinget å diskutere kva vegen vidare skal vere, så får ein vurdere om det skal løftast opp for fylkestinget, seier Følling.

Til toppen