SJØLVLAGA STYKKE: Ellen Harrison har sjølv laga musikalen som elevane framførte, frå manus til kostyme og rekvisittar. 

VIDEO

– Ei utruleg spanande oppleving

Musikkteaterelevane fekk endeleg syna fram musikalen sin under Heilaftan med Kulturskulen. 

Årdal:  – Tida gjekk så fort på scena. Det føltest som det heile varte i fem minuttar, seier Sara, som var ein av skodespelarane under sundagens framsyning i kulturhuset.

Les også: Dei har aldri spela i teater før, no gler dei seg stort til å spela for bygda

Dei unge skodespelarane har sidan september øvd på stykket sitt, Ein ven du ikkje venta, og kunne på sundag visa det fram for første gong framføre publikum. 

MOROSAMT MED TEATER: Etter å ha blitt spurt om musikkteater er noko dei vil fortsette med, svarte jentene eit høgt og tydeleg «ja» i kor. Frå venstre: Andrea Undi, Sara Øy Laberg, Maina Undi Idmane, Leona Undi Idmane.
MOROSAMT MED TEATER: Etter å ha blitt spurt om musikkteater er noko dei vil fortsette med, svarte jentene eit høgt og tydeleg «ja» i kor. Frå venstre: Andrea Undi, Sara Øy Laberg, Maina Undi Idmane, Leona Undi Idmane. Bilde: Marte Hestetun  

– Ein gjev liksom ein ekstra innsats når publikum sit der. Øvingane har gått heilt greitt, men no måtte me gje alt, forklarer Sara. 

– Det var ei utruleg spanande og morosam oppleving, seier Andrea. 

 – Men det var òg litt skummelt, legg Maina til. 

– Heilt fantastisk

Ellen Løvhaug Harrison har sjølv laga musikalen og vore instruktør for elevane gjennom kulturskulen. Ho fortel at ho er svært takknemleg for at Sigyn Øren valde å satsa på skodespel.

– Det har vore heilt fantastisk. Elevane har vore så entusiastiske heile tida og eg er utruleg stolt over dei. Dei har jobba så hardt og hatt veldig lite tid til å læra seg so mykje manus, fortel ho. 

– Kulturskulen eg gjekk på då eg var yngre hadde ein rektor som sikta veldig høgt og alt var veldig profesjonelt. Eg har nok fått inspirasjonen min frå ho og har derfor verkeleg satsa på dette skodespelet og gjeve elevane eit omfattande manus. Eg vil liksom gje dei ei like fin oppleving av kulturskulen som det eg hadde sjølv, legg ho til. 

Vil samle inn pengar

Av økonomiske årsaker er det ikkje sikkert kulturskulen har råd til å behalde Harrison som instruktør og ho har difor opplyst elevane om at det kanskje ikkje blir meir teater etter jul. Dette er noko elevane synes er svært trist. 

 – Me vil samla inn pengar slik at me kan fortsetta med teater og slik at me kan behalda ho Ellen her, fortel Andrea. 

– Nokre av oss har til og med tilbode Ellen å få bu hjå dei! legg Sara til og ler. 

Avslutta med vakre tonar

Dei eldste songelevane ved kulturskulen fekk briljera etter at skodespelet var ferdig. Dei har denne hausten fått ein høgt kvalifisert songpedagog til å undervisa: Suzan Erens. Ho har tidlegare vore musikalartist og solist ved store symfoniorkester både i Europa og i USA. 

AVSLUTTA MED SONG: Sara Vie var blant dei som song under heilaftan til kulturskulen sundag. 
AVSLUTTA MED SONG: Sara Vie var blant dei som song under heilaftan til kulturskulen sundag.  Bilde: Marte Hestetun 

– Eg har lært mykje frå Suzan gjennom timane eg har hatt ho so lærar, fortel ein av elevane hennar, Sara Vie.

– Ho sit med mykje kunnskap og er flink til å læra vekk. Opplevinga av å ha hatt ho som undervisar har vore ei lærerik og god tid. Ho er flink å samarbeida med oss elevar slik at me får fram det me vil i sangane, seier ho. 

Til toppen