BORTE VEKK:
BORTE VEKK: (Foto: Privat)

Eigar etterlyser stolen bil: – Grådig frekt

No håpar han at nokon kan ha sett tjuveriet, som han trur skjedde på høglys dag.

Luster: Per Edvard Akerø frå Marifjøra i Luster fryktar at bilen hans, ein grøn Toyota Rav 4, er stolen. Bilen stod parkert på plassen nedanfor Stupshølen tunnel, den siste før du kjem opp til Hafslovatnet frå Sogndal.

– Eg har kome til at nokon må ha henta han førre torsdag mellom ni og halv fire på dagtid. Då tenkjer eg nokon må ha sett det, for det er ein del trafikk på vegen der, seier Akerø.

FRUSTRERT: Per Edvard Akerø flytta til Luster førre sommar. Ein stolen bil var ikkje velkomsten han hadde sett for seg.

Irriterande forsvinning

Han har sjekka med både kommunen, politiet, vegvesenet og bilbergarar i området. Ingen har høyrt noko om bilen, eller rekvirert henting.

Bilen kjøpte han i midten av mars for nokre tusenlappar, så det er ikkje det største tapet reint økonomisk. Men planen var å fiksa han, så det er uansett irriterande.

– Han stod utan skilt, så om kommunen hadde taua bilen, så kunne eg ha skjønt det. Men at han er stelt er grådig frekt, seier Akerø.

Held håpet oppe

Tysdag la han ut ei etterlysing på Facebook, og han har óg hengt opp lappar for å nå ut til folk som kan ha sett noko. Nokre tips har han fått, men ikkje som kan leia til ei oppklaring.

Politiet har oppretta sak, men at bilen mangla skilt kompliserer etterforskinga.

– Det er ikkje ein ting som dei kan bruka for mykje ressursar på, seier Akerø.

Det betyr ikkje at han har gitt opp håpet.

– Eg tenker nokon må ha sett det, sidan han blei fjerna på dagtid. Men eg har ikkje vore ute for noko slikt før, så eg veit ikkje kor vanskeleg eller lett det er å få tak i ein bil som er stolen, seier han.

Til toppen