Årdal: Line Moen, som var med å starte møbelbutikken for to år sidan i 2016, har no gått inn i rolla som dagleg leiar for Fagmøbler.
Fram til no har ho vore styreleiar for bedrifta, og har på den måten god innsikt i korleis butikken har vore drive. No ser ho fram til den nye rolla, og meiner sjølv at ho er godt rusta for jobben:

– Eg har lang erfaring med å vera gründer, i og med at eg har starta og drive eit eigedomsmeklingforetak. Så eg veit kor mykje hardt arbeid det er, og kor mykje eigeninnsats ein må ha når ein etablerer ei ny bedrift.
– Den erfaringa skal eg ta med meg inn når eg no blir leiar i Fagmøbler, seier Moen.
– Eg har òg ei stor interesse for møbel, interiør og design, legg ho til.
- Les også: Han kan feira 25 år med camping i Lærdal
- Les også: I den gamle landhandelen brygger dei på hemmelege planar
– Lang grundererfaring
Moen jobbar for tida som lærar på Årdal vidaregåande skule, kor ho underviser i service-faget. Tidlegare har ho arbeidd med eigedomsmekling.
Ho jobbar no som dagleg leiar i halv stilling, noko ho skal halde fram med til skuleåret er over i midten av juni. Då skal ho trø inn i rolla for fullt, noko ho synast er spanande og utfordrande:
– Det å jobbe med butikk og salg er alltid utfordrande, men eg har heldigvis lang erfaring med å jobba med salg. Så har eg også lang erfaring med å jobba i nyetablert bedrift. Den erfaringa er vel kanskje mi styrke no når eg tek over som dagleg leiar.
– Det er ei nyetablert bedrift, og det er ei gründerbedrift, og me må jobba langt utanfor dei arbeidstidene som man ser i butikken. Sånn er det å etablere noko som er nytt.
Vil setje sitt preg på butikken
Som styreleiar, har Moen fått vera med å ta arvgjersler for Fagmøbler butikken i Årdal. Dette får ho i større grad gjere no som dagleg leiar, noko ho ser fram til.
– Eg har lyst til å setje mitt preg på butikken. Det er spanande å kunne vera med å påverka både i butikken og kanskje også i Fagmøbler-kjeda. Me er mange som er med, men det er klart at me har litt me skulle sagt, alle saman, seier ho.