ANDSYNES KJØPESENTERET: Storevegen 5 ligg rett overfor kjøpesenteret i Øvre Årdal, og Vinmonopolet si skrift speglar seg i eine vindauget. Hilmar Høl i Ap meinte at eigarane av bygningen bør få lov til å ha også fyrste etasjen til buføremål.
ANDSYNES KJØPESENTERET: Storevegen 5 ligg rett overfor kjøpesenteret i Øvre Årdal, og Vinmonopolet si skrift speglar seg i eine vindauget. Hilmar Høl i Ap meinte at eigarane av bygningen bør få lov til å ha også fyrste etasjen til buføremål. (Foto: Snorre Sandemose)

Eigarane av dette kvite huset med påbygg ville ha heile fyrsteetasjen til bustad: Den gong ei

Hilmar Høl og Ap ville la fyrsteetasjen få vera til bustadføremål. Resten av formannskapet var usamde med Høl og Ap.

Årdal: – Det er eit ungt par som eig huset. Dei ynskjer å nytta det for seg sjølve og for si framtid, sa Hilmar Høl i Ap.

Han tykte ikkje at politikarane i kommunen burde stikka kjeppar i hjula for eit slikt ynskje. 

Søkjaren ynskte å få løyve til å nytta også fyrste etasjen som residens heller enn til lokale for utleige. Dei andre to Ap-representane i formannskapet på dette møtet, ordførar Arild Ingar Lægreid og Sigmund Solvoll, sa ikkje stort i saka, men røysta med Høl.

Alle dei andre i formannskapet røysta i mot Høl. I staden gjekk dei inn for framlegget til rådmannen om å avvisa disposisjonssøknaden. 

DRØFTAR SAKA: Dei tre senterpartimedlemene på høgre side (Thomas Norheim Moen skjult) og Sandra Opheim utgjorde til saman fleirtalet, og felte Hilmar Høl sitt framlegg om å lata det unge paret få gjera som dei vil med sokkeletasjen.  Bilde: Snorre Sandemose

I sin søknad om å få ha heile huset til bustadføremål synte eigarane av huset til bruksendringa i Storevegen 28, tidlegare omtala i Porten.no. I Storevegen 28 vart ein fyrsteetasje som tidlegare var nytta til næringsføremål omdisponert til bustad.

Men rådmann Olve Fossedal tykte ikkje det var godt nok å syna til dette. Han viste til at bruksendringa i Storevegen 28 hadde kome som fylgje av ein ny kommunal reguleringsplan.

Fyrsteetasjen i Storevegen 5, derimot, er etter den gjeldande sentrumsplanen regulert som næringsareal. Vidare nedetter gata ligg det ein pizzarestaurant og eit casino, og på motsett side av vegen ligg kjøpesenteret. 

– Eignar seg ikkje lenger til næring

Hilmar Høl argumenterte med at fyrsteetasjen i Storevegen 5 ikkje lenger eignar seg til næring. Huset er «eit tungvint hus» med tanke på næringsaktivitet, sa han, og difor tvilte han på at det kan vera attraktivt for næringsdrivande å leiga lokala. 

Han meinte at sjølv om Storevegen 5 eigentleg høyrer innunder det som kommunen har karakterisert som torgearael, ligg huset i praksis på utsida av torgarealet.

– Dette er ikkje ein del av det sentrumsnære torget i Årdal, sa han. 

Men her møtte Høl motbør hjå Thomas Norheim Moen frå Sp.

– Spør du meg, so ligg denne eigedomen midt i smørauget mellom restaurantar og butikkar, sa Moen.

Moen åtvara òg om at dersom ein skulle seia ja til denne søknaden, so låser ein seg. Han fryktar at det vil kunne skapa vanskar når framtidige sentrumsplanar skal lagast. 

FLEIRTALET I FORMANNSKAPET STØR RÅDMANNEN: Ap-politikarane (inkludert Sigmund Solvoll, som er skjult bak Høl) røystar for å godtaka søknaden om disposisjon for Storevegen 5. Men dei vann ikkje gehør hjå resten av formannskapet.  Foto:  Snorre Sandemose

Partifelle Erling Offerdal var hjartans einig med Moen, og han frykta dessutan at ein uheldig presedens ville verta sett. 

– Opnar me for ein, so er det vanskeleg å seia nei til andre. Eg har ikkje ombestemt meg i løpet av dagen, eg vil fylgja rådmannen si tilråding, sa Offerdal. 

Thomas Norheim Moen sa i påfylgjande replikk at han òg ynskte å fylgja rådmannen, ikkje minst av di han heller ynskte å halda seg til heilskaplege planar enn å behandla enkeltsaker slik. 

Opheim ville ikkje bryta opp rekke av forretningshus

Høl tykte ikkje ein burde leggja uturvande vanskar i vegen for eit ungt par. Han synte òg til at inngangsdøra vil vera på baksida av huset og ikkje by på praktiske problem av noko slag. 

Familien i dette huset har lyst til å nytta dette for seg sjølv. Ynskjet deira er i samsvar med sentrumsføremålet, som òg femner om bustad. Difor meiner eg at denne diskusjonen bør handla om korleis me kan tilpassa dette ynskjet, sa Høl, og la til seinare: 

– Det unge paret eig huset. Vil dei ikkje ha næringsareal, so kan ikkje me tvinga dei til det.

Den uavhengige representanten Sandra Opheim kvitterte at det ikkje spelar noka rolle kven det er som eig huset.

– Eg synest dette er ein prinsipiell diskusjon. Han handlar ikkje om kven dette paret er. Dette handlar om kva me som politikarar ynskjer, sa ho. 

Opheim sa vidare at det handlar om næringsutvikling i sentrum.

– Eg ynskjer ikkje å sjå eit sentrumsnært forretningslokale verta borte, sa ho.

Ho tykte òg det ville vera uheldig å bryta opp ei heil rekke av forretningshus på det viset. 

Til dette repliserte Høl at prinsippet om å ikkje tillata bustad i torgarealet vart brote i samband med omreguleringa av det gamle Fokus Bank-bygget. I si tid fekk verksemda Agnitio regulere inn to husvære til bustadføremål her. 

Opheim, på si side, tykte at dette bygget ikkje kunne samanliknast med huset i Storevegen 5. Å godkjenna bustader i randsona i Parkvegen er noko ganske anna å tillate bustad i fyrste etasje like attmed Årdalsenteret, meinte ho. 

– Eit slikt løyve vil føra til dramatiske endringar i sentrum. Det vil eg ikkje vera med på, sa Opheim. 

Då det kom til røysting, fekk ho fylgje av dei tre senterpartirepresentantane Thomas Norheim Moen, Erling Offerdal og Bjørn Havro. Dermed fall framlegget til Høl, medan rådmannen sitt framlegg om å avvisa søknaden til huseigar vann fram. 

Til toppen