OPTIMIST: Hotelleigar Ola Moe har vore i møte med kommunen for å diskutere korleis dei skal få på plass finansieringa for å få pusse opp Hotel Mundal i Fjærland. Etter møtet er investoren optimist med tanke på å finne ei løysing. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY .
OPTIMIST: Hotelleigar Ola Moe har vore i møte med kommunen for å diskutere korleis dei skal få på plass finansieringa for å få pusse opp Hotel Mundal i Fjærland. Etter møtet er investoren optimist med tanke på å finne ei løysing. Foto:  Hotel Mundal  av  Bosc d'Anjou  lisensiert under  CC BY . (Foto: Bosc d'Anjou/Flickr)

Eigaren har tru på ei løysing for Hotel Mundal

Investor Ola Moe har fått ny optimisme etter nyleg møte med kommunen. –​ Dei gjer verkeleg det dei kan og skal ha all respekt for det, seier han.

Fjærland: I førre veke hadde Sogndal kommune og hotelleigaren sitt første møte etter at Moe i august truga med å rive det historiske hotellet. Det møtet var tydelegvis nyttig, for no er Moe både optimist og raus med rosen til kommunen. 

– Eg vil berømme dei for eit fantastisk engasjement. Eg trur kanskje det har vore der heile vegen, men no er det konkretisert med at Sogndal kommune bistår oss i å søke om midlar til restaurering. Dei gjer verkeleg det dei kan og skal ha all respekt for det, seier Moe.

Les også: Eigar har søkt om å få rive 125 år gamle Hotel Mundal
Les også: Hotelleigar ber om hjelp til å berge Hotel Mundal

Treng omfattande restaurering

Årsaka til striden var det Moe oppfattar som urettvis skattlegging. Hotel Mundal må nemleg betale eigedomsskatt, samstundes som drifta går i minus og hotellet sårt treng oppussing. Moe har søkt om fritak frå å betale skatten, men det skal derimot ikkje ha vore eit tema på møtet. 

Moe veit difor ikkje når han kan forvente svar på søknaden om fritak.

– Det har eg ikkje spurt om, seier Moe.

Derimot er han optimistisk med tanke på å få stoppe forfallet hotellet har vore utsett for dei siste åra. I eit tidlegare brev til kommunen åtvara Moe mot det han omtala som «irreversibel skade».

– Bygningen har svake takkonstruksjonar. Det er ikkje slikt som ramlar ned i morgon. Men viss det ikkje blir gjort noko med dei nærmaste åra, så vil det bli alvorlege skader. Du kan diskutere kva irriversibel skade betyr, men i økonomisk forstand vil det bli så store kostnader at det blir umogleg å gjere noko, seier Moe.

Trur på ei løysing

Kor mykje det vil koste å setje hotellet i stand vil ikkje Moe talfeste. Summen er avhenging av kor omfattande restaureringa blir.

– Det er ikkje alt som må gjerast, men som likevel er ønskjeleg og mange spørsmål som må avklarast. Hotellet har blitt bygd om og endra på arkitektonisk, skal vi for eksempel vurdere å tilbakeføre det til slik det var? Då blir det meir omfattande enn om vi ikkje skal gjere det, seier Moe.

Fokuset no er å få på plass mest mogleg midlar gjennom dei ulike støtteordningnane som finst.

– Så får vi sjå kva resultata blir av det. Engasjementet vårt er like brennande som tidlegare og eg er sikker på at vi skal få til ei løysing. Men kor god og omfattande den blir er eit anna spørsmål, seier Moe.

Til toppen