NØGD: Torleiv Lægreid i Garanti eiendom er nøgd med at det er interesse for bustadobjekta som dei legg ut for sal over heile kommunen. Også Hege Kulhuset i Aktiv Sogn eigedom ser lyst på utsiktene for eit vidare godt bustadsal i inneverande år.
NØGD: Torleiv Lægreid i Garanti eiendom er nøgd med at det er interesse for bustadobjekta som dei legg ut for sal over heile kommunen. Også Hege Kulhuset i Aktiv Sogn eigedom ser lyst på utsiktene for eit vidare godt bustadsal i inneverande år. ( )

Eigedomsmeklarane i Årdal ser lyst på utsiktene

I det den fyrste månaden i året er omme, kan bustadmeklarane slå fast at 2018 hittil ser ut til å verta minst like innbringande som fjoråret.

Årdal: – Me har selt like mange bueiningar hittil i januar i år som i fjor, seks. Det opplyser Torleiv Lægreid i Garanti eigedomsmekling i Årdal. 

I fjor selde dei seks bueiningar i januar. Bedrifta hadde eit godt år i fjor, og stod for heile 77% av bustadsala i Årdal, og fekk ein større del av marknaden enn dei har hatt tidlegare.

Lægreid tykkjer det verkar som den gode tendensen frå fjoråret held fram i år, med omtrent like godt sal hittil som i fjoråret. Og medan prisane på landsbasis gjekk noko ned i fjor, har prisane i Årdal halde seg ganske stabile. 

Ikkje nok med det, meklaren gledar seg over gode tendensar både på Årdalstangen og i nedre Seimsdalen. Det er ikkje slik at det berre er midt i Øvre Årdal sentrum at det er interesse. 

– Me ser ein etterspurnad etter hus i heile Årdal. Me har akkurat lagt ut nokre for sal, og skal ha visningar i næraste framtid. Me ser at det er mange som har lasta ned prospekta, det er veldig stor interesse. So me er spente på marknaden no og korleis han vil utvikla seg vidare. 

TEK OPP KAMPEN: Hege Kulhuset er tilbake frå permisjon i arbeidet, og ser for seg å kappa innpå forspranget Garanti eiendom har fått i bygda medan ho har vore vekke frå jobb. 

Lægreid gledar seg særskilt over å observera at mange unge kjøper seg hus.

Aktiv Sogn:  – No byrjar det å røre seg

Meklaren til Aktiv Sogn eigedomsmekling i Årdal, Hege Kulhuset, trur 2018 teiknar til å verta eit godt år for bustadbransjen i bygda. 

 – I fjor selde me ingen bueiningar i januar, men i år har me selt to, opplyser ho. 

Ho fortel at denne tida på året vanlegvis er stille på bustadmarknaden, men ho merkar at «det byrjar å røre seg» no. 

Når det gjeld det faktumet at meklarhuset tapte i marknaden i fjor i høve til konkurrenten, seier Kulhuset at det har ei naturleg forklaring. 

– Me er berre ein meklar her på huset, medan Garanti har tre. Og når eg gjekk ut i fødselspermisjon i slutten av 2016, kom det ein meklar inn for meg som bygda ikkje kjende frå før. Då er det naturleg at me har hatt litt nedgang, seier Kulhuset. 

Ho legg til at ho hadde omlag halve marknaden i Årdal før ho gjekk av i barselpermisjon, og målet er å kjempa seg attende. 

– Kulhuset: Utviklinga i Årdal uavhengig av resten av landet

Når det gjeld kva ho tenkjer om utsiktene for markaden i Årdal, trur ho ikkje utviklinga på landsbasis har noko å seia i det heile. 

– Eg trur marknaden lever heilt uavhengig av resten av landet. Mykje er styrt av Hydro og Norsun. Dersom det går rykte om at dei skal byggja ut og tilsetja fleire, so kjøper folk lettare, og tenkjer at det vil vera mogleg å få seld bustaden seinare òg. 

Heilt til sist legg ho til ei lita framtidsvon: 

– Eg håpar marknaden vil løysa seg, om det no vert utbygging på Norsun.

Til toppen