BEKYMRA: Ordførar Jan Geir Solheim (SP) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H) er bekymra for 2017-budsjettet, men meiner det må bli enno verre før tida er inne for eigedomsskatt. Foto: Ole Ramshus Sælthun
BEKYMRA: Ordførar Jan Geir Solheim (SP) og varaordførar Trond Øyen Einemo (H) er bekymra for 2017-budsjettet, men meiner det må bli enno verre før tida er inne for eigedomsskatt. Foto: Ole Ramshus Sælthun

– Eigedomsskatt? Då må det bli verre

Lærdal kommune er 10,5 millionar kroner unna å få 2017-budsjettet i balanse om under ein månad. Det er ikkje gale nok til at ordføraren og varaordføraren vil vurdera eigedomsskatt.

Lærdal: – Eg har aldri vore oppi så store utfordringar, det var ei forferdeleg melding å få. Me nærmar oss grensa for at me kan klara å gjennomføra dei tenestene me skal innanfor dei rammene me no har. Inntektene er trist lesnad. Så er det tidsperspektivet i tillegg, sa rådmann Alf Olsen til formannskapet i Lærdal torsdag.

Han snakka om meldinga i førre veke; Lærdal kommune får 6,6 millionar kroner mindre å rutta med neste år på grunn av nedgang i eigedomsskatt frå kraftverka. I tillegg til dette er dei no fire millionar kroner unna balanse på den generelle ramma.

Les også: Mistar 20 millionar kroner i eigedomsskatt

Les også: – Det er ekstremt alvorleg

Les også: Nedgang i kraftrelaterte inntekter på 23 millionar kroner

– Eg vart litt sett ut

Trond Øyen Einemo (H) påpeika at driftsutgiftene var på feil veg; dei auka meir enn lønsveksten, trass strukturelle kutt. Vidare meinte han at det i realiteten ikkje var fullt så stor differanse som 10,5 millionar kroner.

– Me får ein halvårseffekt på nedlegginga av Ljøsne skule som ikkje er med her, det vil seia rundt to og ein halv million. I tillegg til nokre andre mindre ting som ikkje ligg inne.

Kåre Mentz Lysne (AP) meinte likevel ein no må sjå på eit mykje omtalt grep:

– Eg vart litt sett ut; at me var komne over ti millionar kroner i manko hadde eg ikkje trudd. Då meiner eg me må vurdera eigedomsskatt for alvor, me kjem ikkje utom.

Les også: Lunkne til eigedomsskatt trass økonomikrise

Den fekk han verken ordføraren eller varaordføraren med på.

– Det skal det bli verre for at me går inn for eigedomsskatt. Då skal det ikkje vera nokre andre alternativ att, sa Jan Geir Solheim (SP).

– Me seier det same; då skal det vera verre, følgde Øyen Einemo opp med.

Det utløyste eit visst hjartesukk frå Lysne.

– Viss de verken vil redusera utgiftene eller auka inntektene - då har me eit problem.

Gro Starheimsæther (SP) tykte kommentaren til Lysne var unyansert.

– Du gjorde ein interessant politisk vri no; me har akkurat sitte og snakka om moglege kutt på 17 millionar kroner gjennom Sunn kommuneøkonomi. Me slit kanskje med å koma i balanse til neste år, ja - men ser ein eit par år lengre er det mykje som kan gjerast for å koma dit me skal. Så så bekymra er eg ikkje.

Les også: Lufta forslag om å privatisere kommunale tenester

– Eitt mål og ei leiarstjerne

Men så bekymra er rådmann Olsen.

– Eg har ei litt anna verkelegheitsoppfatning enn dykk. Me har lover og reglar rundt oss som me må halda oss til. Då må me finna noko som har effekt i 2017 og gå etter dei store pengane.

Artikkelen held fram under biletet

OGSÅ BEKYMRA: Rådmann Alf Olsen sa til formannskapet han aldri har vore borti ei større utfordring. Økonomirådgjevar Anne Marie Mo la fram dei dystre tala.
OGSÅ BEKYMRA: Rådmann Alf Olsen sa til formannskapet han aldri har vore borti ei større utfordring. Økonomirådgjevar Anne Marie Mo la fram dei dystre tala.

Jan Geir Solheim påpeikte kjapt at politikarane er like bekymra som rådmannen før Annike Vanberg (SV) kom på bana.

– Me skjønar det ikkje er politisk fleirtal for eigedomsskatt. Kva andre tenester kan slåast saman?

Kommunalsjef for Helse og Omsorg Arne Johnsen nemnde så at det går an å sjå på kva ein har utover det ein  ha av tenester.

– Noko er lovpålagt og noko er ikkje det. Ein kan jakta noko som ikkje er lovpålagt og henta nokre kroner der. Det gjeld å ha ein konstruktiv dialog rundt det strukturelle. Det blir eit spørsmål om kva finger ein skal skjera seg i, og finna ut kva finger som gjer minst vondt.

Kåre Mentz Lysne bad så om ei liste over kva tenester i dei ulike sektorane som er lovpålagde og ikkje. Så la politikarane og administrasjonen ein møteplan for hausten vidare med jamlege møter kvar veke for å koma i mål til budsjettet skal vera klart for å leggjast ut på høyring etter budsjettmøte 21.november. Budsjettet skal bankast i siste kommunestyremøtet for året.

– Me har eitt mål og ei leiarstjerne - at budsjettet skal vera i balanse 15.desember, avslutta ordførar Solheim.

Til toppen