Fusjon?: Konflikt mellom samskipnadane i Sogn og Fjordane og Bergen om fordeling av makt og mynde skapar hovudbry når det torsdag skal avgjerast om HiSF skal fusjonera eller ikkje. Arkivfoto 
Fusjon?: Konflikt mellom samskipnadane i Sogn og Fjordane og Bergen om fordeling av makt og mynde skapar hovudbry når det torsdag skal avgjerast om HiSF skal fusjonera eller ikkje. Arkivfoto 

– Eigen samskipnad er sterkt ønskjeleg

Men høgskulefusjon utan samskipnadfusjon sit svært langt inne.

Sogndal: – Samtalane mellom studentsamskipnadane i Sogn og Fjordane og Bergen har stranda. Me fryktar resultatet kan bli ein dårleg avtale for studentvelferden her, at for mykje strategisk makt blir liggjande i Bergen, seier rektor ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF), Rasmus Stokke.

Uaktuelt å utsetja fusjonsspørsmålet

To dagar før det blir avgjort om HiSF skal fusjonera med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund står rektoren og høgskulestyret i ein kinkig situasjon. Torsdag må dei seia "ja" eller "nei" til den framforhandla fusjonsavtalen. Seier dei "nei" er toget gått. Seier dei "ja" får Sisof (Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane) eit svært krevjande utgangspunkt i fusjonsforhandlingane med SiB (Studentsamskipnaden i Bergen). Å utsetja avgjerda er ikkje noko reelt alternativ.

– Bergen og Stord/Haugesund vil etter alt å døma gå inn for fusjon. Då blir me hengande etter i oppbygginga av den nye organisasjonen. Så eit "kanskje" vil i praksis vera eit "nei", fortel Stokke.

NRK Sogn og Fjordane fortalde i dag at Studentsamskipnaden i Bergen ikkje vil avklara fordelinga av makt og mynde når dei tre samskipnadane skal slåast saman til ein. Og utan ei slik avklaring før ein eventuell høgskulefusjon er på plass fryktar Stokke samskipnaden ved HiSF vil ha lite dei skulle ha sagt i forhandlingane samskipnadane seg imellom. Stokke fryktar altså å binda sin eigen samskipnad til masta:

– Kunnskapsdepartementet er ansvarlege for samskipnadane, og dei tek dette svært alvorleg. Difor har statsstekretæren teke initiativ til eit møte i morgon. Håpet vårt er at departementet kan stilla som garantist for at forhandlingane blir samtalar mellom reelt likeverdige partar.

Departementet kan bestemma at Sisof skal bestå

Samskipnadane er sjølvstendige organisasjonar. Likevel vil dei i utgangspunktet bli slegne i hop automatisk ved ein høgskulefusjon. Her finst eit anna alternativ, som Stokke ser på som det definitivt beste:

– Departementet kan gjera unntak, altså bestemma at samskipnaden her får bestå som sjølvstendig. Det ser me på som det klart beste alternativet, og er sterkt ønskjeleg frå vår side. Men det er så spesielt at det ikkje er gjort i Noreg tidlegare, så det sit nok langt inne.

Styreleiar for samskipnaden i Bergen, Tor Prestegard, bedyrer overfor NRK at dei vil sikra god velferd for alle studentane i ein eventuelt ny, samanslegen samskipnad. Men den kjøper ikkje studentparlamentsleiar ved HiSF, Ingrid Moe Albrigtsen:

– Me kan bli ein perifer institusjon som ikkje blir prioritert, seier ho til statskanalen.   

 

Til toppen